Svart hav ...

... eller kunsten å sjå ein kjempehai som spelar teater i Harstad på botnen av eit stort kulturhus ein heilt vanleg laurdagskveld i februar.

Jan Sælid spelar både menneske og håkjerring.
Jan Sælid spelar både menneske og håkjerring.
Publisert

På botnen av det djupe havet er det svart. Men der er det òg liv, rai-rai. Der sym den blinde og eldgamle haifisken håkjerringa saman med storparten av biomassane på planeten vår. Dei freistar å halde det gåande så langt det går: Håkjerringa kan bli 500 år, om ho orkar det. Ingen virveldyr lever lenger her på jorda.

På botnen

Riksteatrets oppsetjing av den eventyrlege Havboka av Morten A. Strøksnes utspelar seg også på botnen av tilværet. Regissør Ole Anders Tandberg gjer noko som Strøksnes ikkje gjer i boka si. Han lèt hovudpersonen kome til orde sjølv, i skapnaden til ein middelaldrande mann i dress. Mannen sit, står og går i eit stort, mørkt rom – ei kjellarstove der dagslyset kjem inn som ein kvit stråle på skrå ovanfrå. I hjørnet står eit svartkvitt TV-apparat og flimrar.

Mannen liknar hybelverten du hadde i studietida. Han sit einsam i eit hav av tomgods og vender seg tidvis til oss og tidvis til den flimrande skjermen.

Skjermen er så liten at vi som sit midt i salen i kulturhuset i Harstad, slit med å sjå – nett som håkjerringa slit med synet sitt. Ein plagsam parasitt har lagt sin elsk på auga til haien og gjer at han knapt kan sjå noko som helst.

Men kven er eigentleg blind her, og kven er det som kan sjå? I Tandbergs teaterversjon av Havboka kjem håkjerringa best ut av synstesten. Ho verkar klok, kunnskapsfull, irritert og reflektert, og ho gjev publikum ein mektig leksjon frå det maritime mørkret. Ein leksjon som fortryllar og sjokkerer på same tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement