Bok

Svarar ikkje på oppgåva

Hjemlandet er ei sterk, men sprikande tekstsamling redigert av Geir Gulliksen og kronprinsesse Mette-Marit.

Forfattar og redaktør Geir Gulliksen saman med kronprinsesse Mette-Marit då dei lanserte forteljingane tysdag denne veka.
Forfattar og redaktør Geir Gulliksen saman med kronprinsesse Mette-Marit då dei lanserte forteljingane tysdag denne veka.
Publisert

Antologien Hjemlandet og andre fortellinger kjem ut i samband med at Noreg er hovudland på bokmessa i Frankfurt no i oktober. Kronprinsesse Mette-Marit og redaktør og forfattar Geir Gulliksen har blitt inviterte av Aschehoug til å lage ei samling tekstar om kva det vil seie å vere norsk i dag, skrivne av tolv kjende norske forfattarar.

Men vi får knapt noko svar på «oppgåva». Dei skriv godt, men rører seg meir i det lokale enn det nasjonale, og skriv om familieliv og barndom på plassar spreidde rundt i landet. Tekstane har eit stort spenn i stil, sjanger og tema, er velskrivne og aktuelle. Men kvifor dei står i ei samling som har det norske som tema, er ikkje godt å forstå.

Vi er alle konsumentar

Dei som i størst grad tematiserer det formulerte oppdraget, er Dag Solstad, Siri Hustvedt og Demian Vitanza. To av dei har ein slik bakgrunn at dei kan sjå det norske med eit klargjerande distansert blikk. Den tredje er kanskje den av Noregs nolevande forfattarar som har bora mest i kva det norske er. Alle tre leverer leseverdige bidrag.

Solstad har fått siste ord i antologien og kjem med heller pessimistiske tankar om kvar vi er på veg som folk og som språksamfunn. Både det norske språket og den sosialdemokratiske ånda står for fall, meiner han. Han skriv med alvor, men ikkje utan humor, som når han fortel om korleis han slår over til svensk i tale med svenskar – også heime i Noreg. Unge svenske gjestearbeidarar tilpassar seg ikkje, dei held på svensken som det naturlegaste i verda, sjølv i ein heller underordna posisjon. Så djupt stikk den gamle kjensla av å vere underlegen for ein nordmann. Kanskje er det at vi så lett gjer knefall for andre språk, noko av grunnen til at norsken er så utsett. Essayet er eit varsko: Mister vi språket, mister vi oss sjølve.

Hustvedt skriv som vanleg velformulert og skarpt, og det er interessant å lese hennar og Solstads observasjonar om språk og identitet opp mot kvarandre. Hustvedt fortel om forfedrane som utvandra frå Noreg til Minnesota. Særleg blir vi kjende med farmora. Denne kvinna enda som ei fattig bondekone på prærien og lærte aldri skikkeleg engelsk. Hustvedt har delt livet sitt med ein mann som har ein annan kulturbakgrunn med andre uttrykksmåtar. Norskamerikanaren meiner å finne at det eksisterer ei særnorsk skamkjensle som heng saman med manglande evne eller vilje til å setje ord på det som er konfliktfylt og vanskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement