Klassisk

Surt og slarkete

Giovanni Legrenzi fortener betre enn Il Trattenimento Armonico.

Giovanni Legrenzi (1626–1690). Posthumt portrett.
Publisert Sist oppdatert

Sjølv om få i dag har høyrt gjete Giovanni Legrenzi, var han ein banebrytande komponist for si tid. Samtida kjende han fyrst og fremst som produktiv operakomponist og kyrkjemusikar; i 1685 overtok han det prestisjefulle kapellmeisterembetet ved Markuskyrkja i Venezia.

Men det var innan instrumentalmusikken han sette varige spor etter seg: som konstituerande kraft for den spesifikt italienske, strykarbaserte kammermusikken Corelli og Vivaldi standardiserte, og som J.S. Bach og Händel vidareførte nord for Alpane. Dei to sistnemnde nytta jamvel Legrenzis melodiar som utgangspunkt for eigne fugar og oratorium.

Posthumt

Talet på Legrenzis publiserte opus er kring 20, og at fleire verksamlingar fyrst kom ut etter at han døydde i 1690, vitnar om posisjonen hans i det venetianske musikklivet. Ei av desse er Libro Quinto Postumo, med den fullstendige tittelen Balletti e Correnti a cinque stromenti, con il basso continuo per il cembalo. Denne samlinga med ni par dansesatsar for fem stemmer er no spelt inn i heilskap for fyrste gong av det italienske ensemblet Il Trattenimento Armonico.

Sjølv om tolkingane har vesentlege manglar, gjev musikken eit interessant innblikk i førestadiet til høgbarokkens mogne kammersonate.

Sjølv om «ballettar» og «correntar» er dansesatsar, talar me her om stilisert lyttemusikk, for komposisjonane fylgjer ikkje barokkdansens fastlagde mønster. Legrenzis ballettar er som oftast staselege i uttrykket, med rolege melodiar og punkterte rytmar i todelt takt. Typisk er «Balletto secondo» (spor 3), som minner om ein fransk ouverture. Correntane, derimot, er raskare og med jamn rytmikk i tredelt takt, noko som er tydeleg i «Corrente quarta» (spor 8).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement