Bok
Superior klippfiskbok
Eventyret om klippfisken er ei imponerande og ambisiøs bok.
Tørking av klippfisk på berga i Kristiansund i 1947.
Foto: Per Bratland / Aktuell / NTB
For mange år sidan intervjua eg ein veteran innan lakseforskinga, Hans Nordeng. «Eg e laks», kauka Nordeng i rein, fagleg begeistring.
Karsten Alnæs er torsk. På dei første sidene av fembandsverket Historien om Norge skriv han om korleis torsken hjelper ein utsliten, skinnkledd flokk til å bli dei første nordmennene. Torsken har fortsett med å hjelpe oss sia. Denne samanhengen har Karsten Alnæs formidla i mange tiår, både i skjønn- og faglitteratur. Forfattaren har tjukke slektsrøter på Nordmøre og Sunnmøre. Dette er episenteret for temaet i den nye boka hans: klippfisken.
KJENDISEN
Alnæs siterer kokken Odd Ivar Solvold på at klippfisken er vår største internasjonale kjendis. Klippfisk blir ete i mange land, på eit utal forskjellige måtar, og vi eksporterer for godt over fire milliardar kroner i året.
Svigerfar min bur i Porto. På supermercadoen der heng det bukbreie flak med klippfisk i lange rekkjer, sorterte etter kvalitet og opphavsland. Stort sett handlar det om Noruega. Portugal har vore den største kjøparen av norsk klippfisk sidan 1909, melder Alnæs, og han forklarar korfor. Det dreier seg i stor grad om kvalitet, som er eit omgrep med ulikt innhald frå land til land. Verdas fjerde største kjøpar av klippfisk, Angola, vil heller ha sei enn torsk, for seien er passe stor og passe grå og passe smakssterk for angolanske ganar.
Det er stor sjanse for at klippfisk hamnar i ein munn som snakkar portugisisk. Portugal, Brasil og Angola er tre av dei fire største kjøparane. Den fjerde er Spania, som helst vil ha islandske kvalitetar. Superior, naturlegvis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.