Musikk
Supergruppa vi treng
Julien Baker, Phoebe Bridgers og Lucy Dacus har laga nok ei plate saman som Boygenius.
Lucy Dacus (t.v.), Julien Baker og Phoebe Bridgers utgjer Boygenius.
Pressefoto
Vil du verte ein satanist i lag med meg? Ein anarkist? Ein nihilist? Å karikere intens ideologisk overtyding, villfaren eller ikkje, på nokre verseliner, er ikkje enkelt. Men i «Satanist» får Boygenius det til. Lureri er lureri, uansett kven det er som lokkar med gulrota.
Kven er Boygenius? Eg har skrive om både Julien Baker, Phoebe Bridgers og Lucy Dacus – som utgjer trioen bak namnet – på desse sidene fleire gonger før. Det dreier seg om tre markante låtskrivarar og artistar, alle i siste halvdelen av tjueåra, som dei siste åra kvar for seg har meisla ut sine distinkte uttrykk med framifrå plater.
Eit par år har gått sidan det førre albumet til Dacus, Home Video (2021), og den siste utgivinga til Bridgers, Punisher (2020), har eg vendt tilbake til med jamne mellomrom i åra som har følgt.
Musikalsk vennskap
Boygenius fekk utpå nyåret prege omslaget på Rolling Stone, der dei vart kalla «the supergroup we need», og dei som kom seg forbi den glamorøse magasinframsida og tok seg tid til å lese intervjuet Angie Martoccio hadde gjort med bandet, fekk høyre om eit musikalsk samarbeid der vennskap, snarare enn karrieretenking, har vore motiverande – ein samtale som elles vitnar om ein herleg sans for humor hos alle tre. Verken Baker, Bridgers eller Dacus tenkjer på seg sjølv som sjef, strukturen er flat, og på The Record utfyller dei kvarandre, slik at kvar og ein får stå fram med sin største styrke.
Dacus lagar smarte, kontante låtar med spiss, Bridgers er ganske gjennomgåande mjukt melankolsk, og Baker skjer gjennom med ein vokal som køyrer deg i senk. Det var då dei turnerte saman i 2018 at dei bestemte seg for å lage ein song i lag, og enda opp med ein heil EP med seks spor. Alt den gongen kjendest det som om musikken kom frå ei sams kjelde, snarare enn eit delt, konstruert utgangspunkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.