Musikk
Sunnhordlandske samtalar
Svein Olav Herstad og Tor Yttredal kavar seg ikkje opp.
Duoen Svein Olav Herstad og Tor Yttredal.
«Duoar er samtalar», slår Petter Frost Fadnes fast innleiingsvis i omslagsteksten, der han held fram med å skriva presist og innsiktsfullt om det å lytta til slike samtalar og å setja samtalane til Svein Olav Herstad og Tor Yttredal inn i ein jazzhistorisk samanheng. Herstad og Yttredal står i ein tradisjon representert ved duoar som Steve Lacy og Mal Waldron, Evan Parker og Stan Tracey, og Anthony Braxton og Muhal Richard Abrams.
Eigen vri
Herstad og Yttredal står i ein tradisjon, men har først og fremst sin eigen vri. Dei 14 samtalane har sin eigen karakter og tematikk, men felles for denne buketten av komposisjonar/improvisasjonar er at dei alle signaliserer undring og refleksjon heller enn kraftfull insistering. Her trumfar meditasjonen utblåsinga, men ikkje slik at alt går føre seg i kvilepuls. Yttredal skiftar mellom ei rekkje treblåsarinstrument, og Herstad nyttar flygelet på meir enn konvensjonelt vis.
Dei to hadde spelt inn eit meir omfattande materiale, men dei har gjeve produsenten Nils Økland frie taumar til å plukka og setja saman. Det har Økland gjort på ein logisk og musikalsk måte.
Frå det opne til det skakke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.