Musikk
Sundagsskulert soul
Loaded Honey glir frå levande laurdagskveld til sakte sundagsstemning.
Lydia Kitto og Josh Lloyd-Watson er Loaded Honey og klare for at sundagen skal sjekke inn.
Pressefoto
Bak det greitt anonyme namnet Jungle skjuler det seg ei perle av musikalitet: funk, soul og disco – både i ny og klassisk stil – blanda med vokalprestasjonar så musikalske og sjelelege at Kanye West (eller kva han kallar seg denne veka) ville ha jubla for å sample dei då han var på si kreative høgd.
Skilnaden frå Kanye er at barndomsvenene Josh Lloyd-Watson og Tom McFarlan ville lage sjangeroverskridande dansemusikk, men også spele live, altså ikkje trykkje på ein berbar Mac som forvirra trollmenn. Difor høyrest Jungle så levande ut, dei er eit band der pulsen kjem frå menneske, ikkje maskin.
Lydia Kitto vart fast medlem etter å ha medverka som vokalist og låtskrivar på fleire album, og ikkje berre det. Etter kvart flytta ho saman med Josh.
Her kunne denne historia ha enda i ein høveleg Yoko Ono-kollaps.
Men dette paret slutta ikkje. Det vart ikkje brot. Tvert imot. Dei ville berre ikkje lage musikk einast for laurdagskveldar.
Nostalgisk nyforelska
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.