Bokmelding

Stramt om slakke familieband

Debutant Nora Eide er akkurat så nådelaus som ein god prosaist må vere.

Nora Eide debuterer med noveller og lynprosa.
Nora Eide debuterer med noveller og lynprosa.
Publisert Sist oppdatert

Det er tydelege samanhengar mellom novellene i debutboka til Nora Eide, men menneska dei handlar om, opplever lite fellesskap. Novellene har titlar som «Bestemoren din», «Etterkommerne dine» og «Moren din», og både første og siste tekst har overskrifta som også er boktittelen: Familien din. Isolert sett er det keisame formuleringar, men Eide veg opp for det med uventa tilnærmingar til emnet.

Form for mangel

Den første novella har tittelen «Foreldrene dine», men handlar om ei vaksen kvinne som skal møte sine potensielt nye foreldre. Ho har fått kontakt med dei via ei nettside der dei søkte etter ei vaksen dotter. I dei følgjande tekstane held Eide fram med å vise at det ofte kan vere sakn og smerte der den trygge og gode familiefellesskapen skulle ha vore. At familie kan vere vondt og vanskeleg som ingenting anna, når ei dement bestemor dreg ned trusa fordi ho trur at barnebarnet er ein annan, eller når ei tenåringsjente betaler ein kamerat for å late som at han er broren hennar når ho har bursdag.

Nokre av tekstane er så korte at dei ikkje kan kallast noveller, og andre er i hovudsak bygd opp av replikkar. Eg var først skeptisk til dette skisseaktige preget, eg tenkte at forfattaren introdusere idear utan å byggje dei ut til ordentlege historier.

Men fordi den tematiske samanhengen er så sterk, viser kvar tekst litt meir av kva som finst i skuggen av kjernefamilien. Ved å gjere det fragmentariske og springande til kompositorisk prinsipp gir Eide form til den forvirrande og smertefulle mangeltilstanden som dysfunksjonelle relasjonar og svake sosiale band skaper.

Rett nok sit ikkje dei biletlege formuleringane alltid godt, som når ein baby blir omtala som «en pustende indrefilet». Men situasjonane som blir teikna opp, er tydelege og poengterte. Sterkast er det å lese om dei urimeleg strenge foreldra i «Familiebandet ditt» og «Nærbutikken din». Her er Eide akkurat så nådelaus som ein god prosaist må vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement