Film

Stram stalinisme

Form og sak sit som eit skot i aktuelt drama om utreinskingane under Stalin.

Filmen handlar om Sovjetunionen i 1930-åra. Alexander Kuznetsov spelar den ferske aktoren Konjev.
Publisert Sist oppdatert

Året er 1937 i Brjansk, vest i Russland. Terrorveldet der Stalin skal ha vekk all motstand, herjar. Ein lapp skriven i blod slepp ut frå eit fengsel.

Den nyutdanna Konjev (Kuznetsov) er aktor hjå den lokale statsadvokaten og vitjar fengselet for å undersøke klaga frå ein politisk fange. Vakter og leiing er forundra over idealisten. Skal han verkeleg følgje saka?

Lov og rett i SSSR

Dei autoritære trekka i filmen er dagsaktuelle med truga eller rotne rettsvesen i mange land, utan at det blir hamra inn. To anklagere er ikkje eit epos om heroisk kamp mot diktaturet, men noko mykje betre. I kompakt, stille stil fortel regissøren Sergei Loznitsa ei avgrensa historie om store tema.

Smalt, pertentleg forma utsnitt styrkjer klaustrofobien medan vår helt går frå naivt sjølvsikker til nervøs. Andletet til den genialt reserverte Alexander Kuznetsov som Konjev syner kjenslene i møte med brotne prinsipp. Auga til Aleksandr Filippenko gnistrar som den prinsippfaste, skrale fangen. Tenk, to menn som trur på rettane til individ i Sovjetunionen under Stalin.

Filmen er basert på ei forteljing av Georgij Demidov, som sjølv blei torturert i 1938. Loznitsa kan si historie. Dei fleste av dei snart førti filmane hans er stilistisk kompromisslause dokumentarfilmar, ofte om krig og undertrykking i Sovjetsamveldet. Heldigvis er stilen særeigen også når han driv med spelefilm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement