Musikk
Strålande storband med trollmannen frå Os
«Nesseguten» er vorten vaksen.
Marius Neset spelar med Bergen Big Band.
Pressefoto
Saksofonisten Marius Neset har dei seinare åra vorte ein av Noregs største jazzeksportartiklar. Med ei lang rekke plateinnspelingar og konsertar, særleg i England, vert han rekna som ein av arvtakarane etter meistersaksofonisten Michael Brecker.
For nokre år sidan komponerte han verket Lion, til og med Trondheim Jazzorkester, for Moldejazz. Verket kom ut på plate året etter, og for oss som var til stades på den framifrå premieren i Molde, vart plata ein skuffelse, da mesteparten av dynamikken frå konserten var slipt ned til same temperatur gjennom heile plata.
I 2022 var han i studio med Bergen Big Band, eit av Noregs beste storband, og fyrst no er albumet Time to Live ute på det tyske selskapet ACT. Eg var spent på musikken Neset ville servera oss no, sidan han dei seinare åra har roa seg ned ein hel del. Det er ikkje lenger «fyrstemann til 100» som gjeld, slik det ofte var tidlegare.
I starten vert eg litt overraska, for her går det stille for seg i den over ti minutt lange «The Opening». Det er som dei prøver seg litt fram med keyboarda til Morten Schantz som førande stemme. Men etter eit par minutt er Neset der me forventar å høyra han. Då kjem også storbandet inn, og herifrå og ut får me ei fin og variert oppvising, der Nesets kompliserte komposisjonar og arrangement set storbandmusikarane verkeleg på prøve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.