Bok
Storveges om ugras
Emil Korsmo er den meste kjende ugrasbiologen vår. No er plansjane samla mellom to permar.
«XXI mjødurt». Plansjane vart teikna av to illustratørar, Knut Torkildsen Quelprud og Sara Mørk.
Illustrasjon frå boka
Vår mest kjende ugrasbiolog Emil Korsmo (1862–1953) arbeidde i 25 år – frå 1913 til 1938 – med å laga eit unikt verk om plantar. Det vart 90 plansjar med fine akvarellar av 138 ugrasartar. Dei detaljerte illustrasjonane vart laga av profesjonelle illustratørar, mest av Knut Torkildsen Quelprud, men òg nokre av Sara Mørk.
Emil Korsmo gav òg ut tre tekstband med forklaringar til plansjane. Desse banda har ei mengd detaljar om plantane: morfologi, populasjonsbiologi, økologi og utbreiing elles i verda. Til saman har dette vitskaplege verket (plansjar og tekstband), som tek føre seg omkring 140 planteartar, vore standardverket i ugrasforsking og plantebiologi – før det til dels hamna i gløymsla, ikkje minst tekstbanda.
Hårfine detaljar
Det er såleis storveges at Nasjonalbiblioteket no har drege fram att Korsmos verk med den fine boka til Liv Borgen. Boka har utsøkt papir- og trykkvalitet – noko som trengst for at dei detaljerte akvarellane til Quelprud og Mørk skal koma tydeleg fram. Her er mange hårfine detaljar, til dømes plansje «XXI mjødurt». Boka gjev att dei 90 plansjane på framifrå vis. Til dette er det store formatet velvalt.
I tillegg skriv Borgen litt om kvar plante. Og da ikkje om det Korsmo skriv i tekstbanda, altså ugrasbiologi, men mest om opphav og tidlegare og noverande utbreiing. Noko etnobotanikk. Og nokre anekdotar om plantane. Ho set plantane inn i ein moderne forvaltningssamanheng og nemner om arten er raudlista (til dømes dundå). Eller om han no er på framandartslista (til dømes russekål).
Kva ugras er, vil endre seg litt over tid, og har samanheng med korleis jord- og hagebruk vert gjort. Ein generell definisjon – antroposentrisk sett – kunne vere: «Ei plante som veks på feil stad.» Og da som ei undergruppe av kva sosiologen Mary Douglas (Purituy and Danger, 1966) kalla skitt. Altså: «materie på feil stad». Men slikt er ikkje diskutert av Borgen. Føremålet med boka er ikkje å setje ugrasbiologien inn i ein større samfunnssamanheng, men å gje oss Korsmos originale ugrasplansjar i ny utgåve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.