Storslege i smått format
Dei keramiske verka til libanesisk-amerikanske Simone Fattal, fødd i Syria og no busett i Paris, er djupt fascinerande og høgst aktuelle.
Fix Your Gaze On Saturn’s Rings.
Foto: Thor Brødreskift
Utstillinga Fix Your Gaze On Saturn’s Rings viser verka til libanesisk-amerikanske Simone Fattal frå 1970-åra til i dag. Her er meir enn 250 arbeid fordelte ut over dei fire store salane i Bergen Kunsthall. Verka spenner frå måleri, teikning, collage, foto, video, boktekstar og bokdesign til skulptur. Hovudvekta er små keramiske figurar, plasserte på breie soklar som strekkjer seg over heile langsida av salane. Såleis gir utstillinga eit myldrande, frodig inntrykk. Her må ein bruke tid, mange av verka er retteleg så underfundige.
Eigentleg skulle utstillinga for lengst vore pakka ned og frakta attende til Paris, der kunstnaren bur og arbeider. For no er det tid for dei årvisse Festspela i Bergen, og i år er den samisk-norske kunstnaren Joar Nango festspelutstillar ved Bergen Kunsthall. På grunn av situasjonen vi er i, er utstillinga til Nango flytta til september, og Fix Your Gaze On Saturn’s Rings forlengd til august.
Det var underleg å vitje Bergen i desse siste dagane av mai, utan spor av det livlege folkemylderet ein plar verte omgitt av når det er festspel. Som så mykje anna har musikk- og teaterfestivalen blitt digital. Heile 60 framsyningar og konsertar vert spelte inn utan publikum og lagde ut gratis på fib.no. Her får ein også del i ein strøymd versjon av festspelutstillinga. Joar Nango har laga ein serie i tre delar med tittelen «Arkitekturen etter kapitalismens fall».
Simone Fattal
Det er samstundes fint at fleire får høve til å dykke ned i den omfattande utstillinga til Simone Fattal. Skulpturane hennar er gjerne små, så enkelt laga, ein ser avtrykka av hendene hennar. Ho skaper enkle former der ho lèt leira i størst mogleg grad stå urørt. Såleis får sjølve materialet stor vekt i arbeida. Ho syner god kunnskap om leira, som i brend form er så sårbart for støytar, men samstundes så sterkt og motstandsdyktig. Mange av arbeida er inspirerte av funn av keramiske arbeid frå arkeologiske utgravingar i heimlandet. Verka har såleis trådar djupt ned i gamle, rike kulturar. I oldtida var Syria blant dei mest utvikla regionane i verda, med byar som har vore folkesette sidan sivilisasjonen tok til.
Fattal viser fram verk inspirerte av små keramiske modellar av hus som er funne frå bronsealderen, minnesmerke og fragment av bygningar. Verka viser òg til hennar eige omskiftelege liv. Ho er fødd i Syria, voks opp og studerte i Libanon og reiste frå borgarkrigen der i 1982. Ho slo seg ned i California og bur no i Paris. Det er fascinerande å kunne studere dei mange laga i verka hennar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.