JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Storslege i smått format

Dei keramiske verka til libanesisk-amerikanske Simone Fattal, fødd i Syria og no busett i Paris, er djupt fascinerande og høgst aktuelle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fix Your Gaze On Saturn’s Rings.

Fix Your Gaze On Saturn’s Rings.

Foto: Thor Brødreskift

Fix Your Gaze On Saturn’s Rings.

Fix Your Gaze On Saturn’s Rings.

Foto: Thor Brødreskift

5955
20200529
5955
20200529

Utstilling

Simone Fattal:

Fix Your Gaze On Saturn’s Rings

Bergen Kunsthall
31. januar–16. august
Kuratorar: Axel Wieder og Steinar Sekkingstad, Bergen Kunsthall

Utstillinga Fix Your Gaze On Saturn’s Rings viser verka til libanesisk-amerikanske Simone Fattal frå 1970-åra til i dag. Her er meir enn 250 arbeid fordelte ut over dei fire store salane i Bergen Kunsthall. Verka spenner frå måleri, teikning, collage, foto, video, boktekstar og bokdesign til skulptur. Hovudvekta er små keramiske figurar, plasserte på breie soklar som strekkjer seg over heile langsida av salane. Såleis gir utstillinga eit myldrande, frodig inntrykk. Her må ein bruke tid, mange av verka er retteleg så underfundige.

Eigentleg skulle utstillinga for lengst vore pakka ned og frakta attende til Paris, der kunstnaren bur og arbeider. For no er det tid for dei årvisse Festspela i Bergen, og i år er den samisk-norske kunstnaren Joar Nango festspelutstillar ved Bergen Kunsthall. På grunn av situasjonen vi er i, er utstillinga til Nango flytta til september, og Fix Your Gaze On Saturn’s Rings forlengd til august.

Det var underleg å vitje Bergen i desse siste dagane av mai, utan spor av det livlege folkemylderet ein plar verte omgitt av når det er festspel. Som så mykje anna har musikk- og teaterfestivalen blitt digital. Heile 60 framsyningar og konsertar vert spelte inn utan publikum og lagde ut gratis på fib.no. Her får ein også del i ein strøymd versjon av festspelutstillinga. Joar Nango har laga ein serie i tre delar med tittelen «Arkitekturen etter kapitalismens fall».

Simone Fattal

Det er samstundes fint at fleire får høve til å dykke ned i den omfattande utstillinga til Simone Fattal. Skulpturane hennar er gjerne små, så enkelt laga, ein ser avtrykka av hendene hennar. Ho skaper enkle former der ho lèt leira i størst mogleg grad stå urørt. Såleis får sjølve materialet stor vekt i arbeida. Ho syner god kunnskap om leira, som i brend form er så sårbart for støytar, men samstundes så sterkt og motstandsdyktig. Mange av arbeida er inspirerte av funn av keramiske arbeid frå arkeologiske utgravingar i heimlandet. Verka har såleis trådar djupt ned i gamle, rike kulturar. I oldtida var Syria blant dei mest utvikla regionane i verda, med byar som har vore folkesette sidan sivilisasjonen tok til.

Fattal viser fram verk inspirerte av små keramiske modellar av hus som er funne frå bronsealderen, minnesmerke og fragment av bygningar. Verka viser òg til hennar eige omskiftelege liv. Ho er fødd i Syria, voks opp og studerte i Libanon og reiste frå borgarkrigen der i 1982. Ho slo seg ned i California og bur no i Paris. Det er fascinerande å kunne studere dei mange laga i verka hennar.

Skulpturane er plasserte så tett at ein mister alt av kronologisk oversikt, såleis smeltar tid og rom saman, nett slik dei gjerne gjer i mytologiske historier. Det er også forfriskande at verka er stilte ut på enkle soklar, slik at vi kan beundre formene utan å sjå dei gjennom glas.

Krigen i Troja

Fattal viser fram gjenstandar som vi ikkje veit så mykje om formåla til, så vel som til mytologiar som enno er levande i Midtausten. Til dømes viser «The Throne of Priam» (2002) den siste kongen av Troja. Priamos var far til hundre barn, mellom anna Paris, som var årsak til trojanarkrigen, krigarhelten Hektor og sannseiaren Kassandra. Fattal har modellert ei tom trone, det gjekk jo heller ikkje så bra med kongen.

Eg likar svært godt når ho innimellom forstørrar formatet, med enkle former og enkle kraftfulle grep. Det er mektige kvinnefigurar som den søyleforma «Goddess with Springing Water» (2008). Her er det berre svake hint om draperingar i klesdrakta, hovudplagg og ansiktstrekk. Når det er så lite detaljar, overlèt ho meir til fantasien.

Andre arbeid tematiserer konfliktar og krigar gjennom dei seinare hundreåra. Her er krigsutstyr, murar og andre stengsel så vel som fasthaldne minne frå barndommens Damaskus med skuggefulle hagar, frukter og piknikar. Fleire av dei små figurane er forma med humoristisk snert. Det vesle verket «Weapons of Mass Destruction» (2003) er forma som eit skur der det er stabla langstrekte pinnar. Verket vart laga som ein respons på Irak-krigen same året, då ein USA-leidd koalisjon angreip landet med stor kraft. Her kler verket godt miniformatet, kjensla av maktesløyse i kampen mot stormakter. Det vart hevda at Irak hadde atomvåpen, men dei vart det aldri funne spor av.

Skulpturen til Fattal syner desse harmlause gjenstandane som ein hånleg, nærast oppgitt kommentar, og eit eksempel på korleis kunstnaren lukkast i å flette djupt alvor og lett humor saman.

Post-Apollo Press

Fattal kom seg unna borgarkrigen i Libanon i 1982, og slo seg ned i California. Her starta ho forlaget Post-Apollo Press. Utstillinga syner ei oversikt over bøkene som vart utgitt frå 1982 til i dag. Forlaget var ei viktig plattform for å knyte saman forfattarar frå USA, Midtausten og Europa. Ho har utforma mange av omslaga. Det er fint å synleggjere denne sida ved kunsten hennar, ei side som ofte vert neglisjert i retrospektive utstillingar. Men her er bøkene kapsla inn i montrar, sjølv om fleire av bøkene er til sals i bokhandelen til Kunsthallen. Det hadde vore fint å ha nokre lesareksemplar i utstillinga.

Endestasjon

Utstillinga er laga spesielt for Kunsthallen. Det er synd den velkomponerte samansetjinga ikkje skal vandre vidare. Dess større grunn til å vitje Bergen dei næraste månadene.

Dette er også ei særs aktuell utstilling. Borgarkrigen i 2011 har gjort Syria til eit av dei minst fredfulle og fattigaste landa i verda. I staden for å syne fram krig og øydelegging løftar Fattal fram det som er verdt å arbeide for å få verna og vere stolt av. Såleis supplerer ho media med inngåande og personleg innsikt i kvardagsliv, religion og kulturarv.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis