Storslagen klimakamp

Alle må sjå denne islandske actionkomedien om monstermaster, morskap og anna moro.

Halla (Halldóra Gerhardsdóttir) er ein slags klimaaktivist eller kanskje miljøterrorist.
Halla (Halldóra Gerhardsdóttir) er ein slags klimaaktivist eller kanskje miljøterrorist.
Publisert

Kvinne på krigsstien er ikkje ein tradisjonell actionkomedie à la Beverly Hills purk eller Dødelig våpen, men den sprelske regissøren Benedikt Erlingsson byd på raust med humor og ikkje så reint lite action når vi følger dirigenten Halla (Geirhardsdóttir) som i løynd er ein slags klimaaktivist, eller kanskje miljøterrorist, som driv ambisiøse aksjonar mot straummastene til eit aluminiumsverk. Styresmaktene jaktar samfunnsfienden, som driv ein adopsjonsprosess på si.

Super helt

Halldóra Geirhardsdóttir er ein uventa actionhelt, men løyser oppgåva med bravur. Blikket lyser av beinhardt fokus og overtyding, med stoisk ro og minimalistisk mimikk. Ho er ein stabukk. Figuren får fleire dimensjonar gjennom mellom anna konflikten om rollene som mor og hemmeleg klimakjempar. Ho har ein og annan hjelpar som òg aukar djupna til figuren, i tillegg til at dei alle har humoristiske funksjonar. Ein spanskspråkleg kar som fans vil kjenne igjen frå Om hester og menn av same regissør, er eit vittig element som sender eit grelt ljos over korleis vi ser på folk utanfrå.

Islandsk natur skin. Stilen er grundig gjennomført. Pertentleg plasserte rekvisittar og folk med underfundige framtoningar skapar slåande bilete på rekke og rad. Musikken er kjempekjekk, med musikarane godt synlege i biletet. Eit ompaband verkar stole frå Roy Andersson, og eit ukrainsk kor vrir godt opp på absurditetsskalaen. Alt krydrar rammene rundt den supre helten.

Ville verdiar

Kvinne på krigsstien kjem i rett tid. Filmen ber politisk brodd og tyngde, sjølv om han er full av tull, og humor og stil held i lange banar for å drøyme seg vekk i kinosetet. Galskap og gode verdiar står i skjønn foreining.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement