Storslagen klimakamp
Alle må sjå denne islandske actionkomedien om monstermaster, morskap og anna moro.
Halla (Halldóra Gerhardsdóttir) er ein slags klimaaktivist eller kanskje miljøterrorist.
Foto:
KOMEDIE/DRAMA
Regi: Benedikt
Erlingsson
Kvinne på krigsstien (Orig. tittel: Kona fer í strí?)
Med: Halldóra Geirhardsdóttir, Daví? ?ór Jónsson, Magnús Trygvason Eliasen
Kvinne på krigsstien er ikkje ein tradisjonell actionkomedie à la Beverly Hills purk eller Dødelig våpen, men den sprelske regissøren Benedikt Erlingsson byd på raust med humor og ikkje så reint lite action når vi følger dirigenten Halla (Geirhardsdóttir) som i løynd er ein slags klimaaktivist, eller kanskje miljøterrorist, som driv ambisiøse aksjonar mot straummastene til eit aluminiumsverk. Styresmaktene jaktar samfunnsfienden, som driv ein adopsjonsprosess på si.
Super helt
Halldóra Geirhardsdóttir er ein uventa actionhelt, men løyser oppgåva med bravur. Blikket lyser av beinhardt fokus og overtyding, med stoisk ro og minimalistisk mimikk. Ho er ein stabukk. Figuren får fleire dimensjonar gjennom mellom anna konflikten om rollene som mor og hemmeleg klimakjempar. Ho har ein og annan hjelpar som òg aukar djupna til figuren, i tillegg til at dei alle har humoristiske funksjonar. Ein spanskspråkleg kar som fans vil kjenne igjen frå Om hester og menn av same regissør, er eit vittig element som sender eit grelt ljos over korleis vi ser på folk utanfrå.
Islandsk natur skin. Stilen er grundig gjennomført. Pertentleg plasserte rekvisittar og folk med underfundige framtoningar skapar slåande bilete på rekke og rad. Musikken er kjempekjekk, med musikarane godt synlege i biletet. Eit ompaband verkar stole frå Roy Andersson, og eit ukrainsk kor vrir godt opp på absurditetsskalaen. Alt krydrar rammene rundt den supre helten.
Ville verdiar
Kvinne på krigsstien kjem i rett tid. Filmen ber politisk brodd og tyngde, sjølv om han er full av tull, og humor og stil held i lange banar for å drøyme seg vekk i kinosetet. Galskap og gode verdiar står i skjønn foreining.
Benedikt Erlingsson er ein innfallsrik og kunnskapsrik filmskapar. Den briljante debuten Om hester og menn var ei rekke små absurde historier. No set ein av Nordens villaste filmstemmer fokus på ei historie som har større publikumspotensial. Politikarar og potensielle aktivistar har å møte. Slike filmar ser vi gjerne fleire av frå Noreg òg.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvinne på krigsstien kjem i rett tid.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.