Bok

Større enn seg sjølv

Publisert


Dei har vakse opp mellom kulturar. 30 bidragsytarar til antologien Third culture kids har ein mangfaldig bakgrunn til felles. No har dei også til felles at historiene deira finst mellom to permar med mål om å vere «et motsvar til en økende aggressiv retorikk, og et negativt, ensidig og generaliserande bilde av flerkulturelle», slik redaktør Aon Raza Naqvi uttrykker det i forordet.

Antologien vender seg til unge lesarar, som «en håndbok for neste generasjon». Dei som fortel, er framleis unge, men eldre enn dei som skal lytte og lese. Drivkrafta bak prosjektet er sterk og klar: Ved å dele livsvisdom og erfaring med dei som kjem etter, kan dei korte biografiane fungere som førebilete.

Med lekker design og stilrein innbinding er det som om boka ber om å bli lagt på stovebordet. Om ho vert liggande under nattbordlampa på ungdomsrommet, er eg meir tvilande til. Boka peikar utover seg sjølv og går forbi det fleirkulturelle motivet. Stovebordet er rette staden for antologien, der alle i det norske huset kan finne han. Dei redaksjonelle målsettingane risikerer å redusere tolkingsrommet og nedslagsfeltet for utgjevinga.

Tekstane er vitnesbyrd som i all sin variasjon formidlar innsikter om menneskelege ressursar og oppmodingar om å bruke dei godt og rett. Fleire går inn på det felles ansvaret vi har for kvarandre og for kloden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement