Bok
Stormens auge
Ei av Storbritannias største gir oss ein barokk brexitkommentar.
Ali Smith var ein av finalistane til Booker-prisen i 2017.
Foto: Sarah Wood
Den feira forfattaren, som opphavleg er skotsk, vart nominert til Booker-prisen for fjerde gong med dette første bandet i ein årstidskvartett. Talande nok startar ho med slutten, paradokset er eit av stoffa romanen er voven av. Handlinga er lagd til Storbritannia rett etter folkerøystinga sommaren 2016, hos eit folk som er i ferd med å vakne til ein dundrande blåmåndag. Inn i denne høgaktuelle konteksten vev Smith mange og lange trådar frå eit imponerande tilfang av europeisk kulturhistorie, særleg britisk kunst og litteratur. Resultatet blir ein mangslungen collage, eit verk som går i ukueleg dialog med andre kunstverk og med seg sjølv. Forma er i seg sjølv eit standpunkt, i ei tid der den offentlege samtala forvitrar. Høst er ei blanding av høgt og lågt, stygt og vakkert i ein skarp kommentar til samtidas store problem. Det er på grensa til overlesst. Heldigvis er Smith ikkje berre ei lærd kvinne, men også ein driven forteljar. Ho trykkjer ikkje kunnskapen nedover hovuda våre, ho dansar og leikar med han.
Eit av førelegga er Fagre nye verden. Men i motsetnad til Aldous Huxleys roman og andre dystopiar uttrykkjer Høst ein trassig appetitt på alt som gjer livet verdt å leve.
Vårt vesle liv
Ein annan tekst som spelar med i romanen, er Ovids Metamorfoser. Det handlar om overgangar, også dei organiske. For den eine hovudpersonen gjeld det den aller siste. Den 101 år gamle Daniel Gluck ligg på ein sjukeheim og døser, i ei blanding av draumar og minne. Ved senga hans sit unge Elisabeth Demand, «uventede dronning av verden». Namna i boka er sjølvsagt alt anna enn tilfeldige. Første gong dei to møtest, er ho ein jentunge, han alt på veg inn i alderdomen. Eit vakkert og uventa venskap oppstår. Dei like innhalds- som fantasirike samtalene mellom dei er viktige rennetrådar i romanen, fulle av sprelske språklege krumspring.
Daniel kom seg ut av løvehola på kontinentet under den andre verdskrigen og har levd i eksil i Storbritannia. Der har han livnært seg som låtskrivar. Elisabeth er blitt kunstlektor med spesiell interesse for popkunst. Når ho ikkje sit hos Daniel, møter vi henne anten i absurde møte med offentleg forvaltning eller på besøk hos mora. Mora les eg som ein representant for folket. Ho er delvis ein latterleg figur. Dette blir ei innvending mot ein roman som insisterer så sterkt på det fleirstemte: Dei som røysta for EU-utmelding, får ikkje noka tydeleg stemme her.
Det siste vi ser stå
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.