Storm i eit vinglasMøter mellom brautande levemenn og kelneren med nervetryne gir ei underhaldande blanding av dekadanse og kos.

Møte mellom brautande levemenn og kelneren med nervetryne gir ei underhaldande blanding av dekadanse og kos.

Matias Faldbakken har skrive den mest underhaldande norske romanen i år, meiner Merete Røsvik Granlund.
Matias Faldbakken har skrive den mest underhaldande norske romanen i år, meiner Merete Røsvik Granlund.
Publisert

Ein av dei mest særeigne og definitivt den mest underhaldande norske romanen frå 2017 er The Hills av Matias Faldbakken. Romanen var også nominert til Brageprisen. Men tittelen er altså på engelsk og signaliserer med det affinitet til transeuropeisk kultur. Ordtaket Faldbakken har sett som epigraf, er derimot norsk: «Skremt hund blir aldri fet». Det viser til hovudpersonen og forteljaren, mannen som har heile identiteten sin knytt til stillinga som kelner på den tradisjonsrike restauranten som har gitt romanen namn.

«Det er et flidens sted. Flid og bekymring henger sammen, det tror jeg helt sikkert», slår han tidleg fast, og dermed har forfattaren alt skissert ein person det er relativt lett for ein kritikar å identifisere seg med: Han som står på sidelinja med eit skarpt blikk for detaljar, som har ei meining om alt, men raskt blir stressa om det skulle oppstå krav om spontan samhandling utover dei programmatiske rutinane.

At kelneren er på randa av noko, merkar vi også tidleg, når han tek seg i å illustrere ordet rømmedip med å bøye peikefingeren i eit lite «dip» – og straks kjenner seg ute av kontroll: «Hva er det jeg driver med?» Mykje verre skal det bli når ei ung, vakker kvinne trer inn blant stamgjestane.

Munter dekadanse

Matias Faldbakken er ein av Noregs mest feira samtidskunstnarar, for tida aktuell med utstilling på Astrup Fearnley Museet i Oslo. Eg fekk aldri lese romantrilogien han slo gjennom med tidleg på 2000-talet under pseudonymet Abo Rasul: Skandinavisk misantropi. Det var liksom noko med fokuset på porno, vald, nazisme, pedofili og reklamebransjen som ikkje verka så lokkande på meg. Kontrasten kunne knapt vore større til den høgsensitive kelneren som er hovudperson denne gongen – det måtte i så fall vere om han også var nyfrelst. Men det er han ikkje. I staden representerer romanen den andre versjonen av dekadanse, den typen kor livet handlar mest om raffinert smak og kjappe replikkar.

I starten opplevde eg dei mange innforståtte referansane til kunst og diverse forbruksmateriell som særs irriterande. Men sett gjennom den nevrotiske hovudpersonen ser ein jo at både samling av verdslege skattar og snobberi er strategiar for å gjere verda trygg og føreseieleg, og samtidig definere seg sjølv inn i eit godt selskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement