Storhaug er ein ukritisk kritikar
Mangelen på ei seriøs metodisk tilnærming til stoffet, fråværet av kjeldekritikk og dei urimelege og alarmistiske tolkingane til Hege Storhaug syner at boka hennar ikkje kan takast seriøst.
I fjor kom boka Islam. Den 11. landeplage av Hege Storhaug ut. Ho er trykt i 37.000 eksemplar. No har òg ein anonym investor kjøpt 4000 eksemplar, som skal delast ut til «hele politiker-Norge og mediene». Difor må boka takast på alvor. Sidan ingen fagperson som forskar på islam har meldt boka på fagleg grunnlag, vil eg her drøfta Storhaugs framlegging av islam.
Kritikk av islam generelt og islamisme spesielt er viktig, men seriøs kritikk må vere basert på fakta og solide kunnskapar, sjølv om det her er tale om ei debattbok. Er Storhaugs kritikk til å stole på?
Storhaug har verka som journalist i 25 år med særleg vekt på tvangsekteskap, omskjering av kvinner, islam og integrerings–?og innvandringspolitikk generelt. Ho har òg skrive fleire bøker om desse temaa. Dette har gjeve henne erfaring med muslimars undertrykking av kvinner i Paki-stan og i Noreg, og oppgjeret hennar med undertrykkinga har vore viktig.
I
Islam. Den 11. landeplage
har ho sett seg føre å syne at islam er årsaka til ikkje berre denne undertrykkinga, men dei fleste av dei sosiale problema vi ser i Europa i våre dagar. I siste kapittel skriv Storhaug: «Det foregår en krig i Europa. Ikke en konvensjonell krig. Det foregår en krig om verdiene, en krig mellom demokratiets frihetsverdier og barbariets verdier» (s. 318). Krigen er ifølgje Storhaug lik den krigen demokratiet førde mot nazismen i førre hundreåret, og ho søkjer å grunngje tesen sin – «islam har skulda» – gjennom ei rekkje ulike tilnærmingar. Kjelder og kjeldebruk Boka har meir enn 650 notar. Dei fleste viser til kjelder. Desse kjeldene er i hovudsak ulike nettaviser og eit avgrensa tilfang av litteratur. Til slutt i boka finst ei liste med «litteratur i utval». Den inneheld 38 titlar. Av desse er fem skrivne av fagfolk som kan noko om islam, Midtausten, historie og/eller ideologi. Resten er meir polemiske skriftstykke. Tilvisingane i notar og litteraturliste fortel at Storhaug ikkje har gjort nokon grundig research, men mest surfa omkring på eit kjeldetilfang av einsidig karakter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.