Musikk
Storbandkomponisten Ljungkvist
Scheen Jazzorkester gjer det igjen.
Scheen Jazzorkester har ti plateutgjevingar bak seg.
Foto: Morten Bjerk
Norsk jazz har i mange tiår vekt oppsikt internasjonalt. Som oftast er det særmerkte einskildmusikarar som når rampeljoset. Eit anna særtrekk ved norsk jazz er det store talet på framifrå store ensemble. Blant fleire ting dei regionale jazzsentera kan takkast for, er at dei har vore fødselshjelparar og pådrivarar for desse ensembla. Det siste skotet på stamma er Scheen Jazzorkester.
Det høyrest ut som orkesteret er eit nytt fenomen, men dei har runda 15 år og har bak seg ti plateutgjevingar, av dei er heile seks melde her i Dag og Tid. Dei ti faste musikarane i bandet tingar verk og inviterer inn komponistane som orkesterleiarar og solistar. I dette tilfellet er komponisten den svenske saksofonisten og klarinettisten Fredrik Ljungkvist. Han treng ikkje nærare presentasjon. Likevel var Ljungkvist som komponist og arrangør i eit slikt format ei ukjend side. Etter å ha lytta til plata fleire gonger kan ein slå fast at Ljungkvist meistrar også denne sida ved handverket.
Dei åtte låtane varierer frå lyriske passasjar til full utblåsing. Han lèt ensemblet vera i gruppesamtalar før han kollektivt tek dei inn i mektige klanglege landskap. Ljungkvist er ikkje framand for dei brå skifta, men framfor alt opnar han for dei mange flotte solistane i bandet, med Guttormsen og Kassens dialog på avslutningssporet «Kejsers dans» som absolutt høgdepunkt.
Musikken er teken opp på siste jobben etter ein kort turné. Det høyrest. Her er alt på plass, men framleis er musiseringa frisk og levande. Å ha eit komp som Renvåg og Kleive er heller aldri feil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.