Bok
Storarta slektssoge
Nelio Biedermann skriv forvitneleg om tap og voner.
Debutanten Nelio Biedermann bur i Zürich, der han studerer tysk og filmvitskap ved universitetet.
Foto: Ruben Hollinger
Mange familiar har soger og løyndomar, og har dei ikkje noko særs å syna til nett no, har dei i det minste forteljingar frå fortida om stordåd og skattar.
Slik er det også med den 22 år gamle sveitsaren Nelio Biedermann, som sist haust kom ut med romanen Lázár, ei bok som straks vart ein sensasjon. Romanen er ei slektssoge om ein ungarsk aristokratisk familie, frå slutten av 1800-talet og fram til og med den sovjetiske okkupasjonen i 1956.
Her vrimlar det av personar som ofte har noko særs ved seg, kanskje litt mykje i byrjinga, men dette er ei bok som veks og grip lesaren meir og meir. Frå ei forteljing der folk kan ha uvanlege særdrag, som ekstremt gjennomsiktig hud eller evna til å snakka med skuggane, utviklar teksten seg i meir realistisk lei, der romanens notid er prega av stadig meir nøktern realisme, ei utvikling som er parallell med føydalismens fall og framvoksteren av eit meir egalitært samfunn, ei omvend klassereise frå slott til hybel.
Slektssoge
Her møter me mellom mange andre baronen Sándor von Lázár, som får sonen Lajos, men som på ein måte ikkje får han likevel, for lesaren veit det baronen berre har ein mistanke om, men som ikkje skal nemnast her. Lesaren får ei innføring i delar av livet til ein aristokratisk familie i Ungarn, frå materiell velstand, via krigar og revolusjonar til oreigning, deklassering og endeleg flukt. Truleg er romanen skriven med utgangspunkt i slektssoga til forfattaren, som har dedisert boka til familien sin.
Lajos er lenge ein hovudperson, men etter kvart overtek sonen, som stort sett vert kalla Pista. Han er forelska i Matilda, men ho vert borte for han, medan han som ein ung Werther, og til dels Swann, går lidande rundt i Budapest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.