Bok

Storarta forteljarkunst

Silas Marner. Vevaren frå Raveloe er klassisk engelsk romankunst på sitt beste.

George Eliot var psevdonymet til Mary Ann Evans (1819–1880), ein forfattar i viktoriatida.
Publisert

Skal me tru butlaren Edmund Blackadder i episoden «Ink and incapability» i TV-serien om Svarte orm, var Jane Austen eigentleg den einaste mannen som dikta på hans tid. Sjølv hadde han skrive romanen Edmund, a butler’s tale under pseudonymet Gertrude Perkins.

I røynda gjekk det den andre vegen, slik at kvinnelege forfattarar tok mannlege pseudonym. Mellom dei var Mary Ann Evans, som gav ut bøker under namnet George Eliot. No ligg ein av romanane hennar føre i klassikarserien frå Skald, og det er sanneleg ein riktig frodig og rik roman av beste engelske viktorianske merke.

Eit svik

Her møter me linvevaren Silas Marner som ein gong vart svikta og utsett for urettmessige skuldingar på ein plass som vart kalla Lantern Yard. Såra og vonbroten reiste han vekk, til landsbyen Raveloe, der han etablerte seg som einstøing, linvevar og utskot, med ei einaste stor glede i livet, og det var å samla på dei gullmyntane han stundom fekk som betaling for vevnaden sin.

Så vart den gleda også riven vekk frå han. Dette var så ubegripeleg for han at han, som stundom kunne stå klumsa, om kveldane vart ståande i døropninga og glo, og kanskje, for alt me veit, tenkte: «Gullet ska hem!» På eit vis, for ikkje å seie to, går denne tanken i oppfylling i boka, men det tek si tid.

I mellomtida målar Evans/Eliot med både brei og smal pensel, og lagar eit levande landskapsmåleri av Raveloe, med sine både enkle og kompliserte innbyggarar. Her møter me mellom mange andre godseigar Cass og to av sønene hans, Godfrey og Dunstan. Den siste er ein kjeltring som pressar pengar av Godfrey, av di han veit om ein løyndom Godfrey ikkje vil at faren eller andre skal kjenna til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement