Bok

Stor bok om ei stor elv i eit stort land

På eine sida er inga elv meir russisk enn Volga, på andre kan ingen av dei store russiske elvane by på større folkemangfald.

Publisert

Sakprosa

«Mange bekker små gjer ei stor å», heiter det, og nett det er elva Volga eit godt døme på, for noka større elv finst ikkje i heile Europa. Ikkje så rart då at ho er skildra av reisande opp gjennom åra. I 2016 kom boka Moder Volga av Jon Ole Hokstad, og i år den tre gonger så tjukke Volga. En russisk reise av Geir Pollen.

Reisa er ikkje berre noko forfattaren gjer i hovudet, for Pollen har faktisk fare heile vegen frå det vesle utspringet på Valdaj-høgdene til munninga langt i aust, der «Volga fell ut i Det kaspiske havet», som det heiter i eit sitat frå Anton Tsjekhov, noko Pollen passar på å nemne. Det er langt frå Valdaj til Kaspihavet, 3685 kilometer, men fallet er ikkje så høgt: 250 meter (eller så, for høgda på vasspegelen i Kaspihavet endrar seg). Den reisa Pollen gjorde, må altså ha vore både lang og flat, kanskje keisam òg, endå ho ikkje vart gjort i eitt strekk.

I alle fall er boka som vart frukta av års reising, alt anna enn keisam. Dette oppnår Pollen ved ikkje å sjå seg blind på vatn og elvebreidder, men heller ofre merksemd på menneska – både heile folkeslag og einskildpersonar – som har budd og verka langs denne store elva. På den eine sida er inga elv meir russisk enn Volga, på den andre kan inga av dei store russiske elvane by på større folkemangfald enn ho: forutan russarar mordvinar, tatarar, mariar, tsjuvasjar, ja, tyskarar med. Alle har si historie, og den fortel Pollen gjerne. Overalt finn han også menn og kvinner som har sett merke etter seg i soga, anten som politikar, forfattar, målar eller vitskapsdyrkar. Han er også vel kjend med storfolk som har sigla på Volga før han sjølv, frå arabaren Ibn Fadlan på 900-talet til Alexandre Dumas d.e. 900 år seinare.

Vassjuk elv

Men natur og kultur flyt saman i Volga, og elva tek seg i dag heilt annleis ut enn på Dumas’ tid. Dei største endringane er komne i sovjettida, for då var teknologien langt nok komen og styresmaktene blitt omsynslause nok til å drive det eine kjempeprosjektet etter det andre fram langs elva. Lenins slagord «kommunisme er sovjetmakt pluss elektrifisering av heile landet», som Pollen gjev att i eit av dei mange gode bileta i boka, skulle gje straum til hushald og framfor alt til fabrikkar, men det gav òg tvangsarbeid til ein hærskare menn og kvinner år etter år. Også Volga sjølv fekk lide, for med sitt langsame fall var ho sårbar for tilsanding og forureining, ikkje minst då ho særleg i det nedre løpet vart forvandla til ei rekkje innsjøar. Då Geir Pollen kom til åmotet mellom Volga og den største sideelva hennar, Kama, kunne han ikkje sjå noka strand, berre endelaus vassflate. Og han legg ikkje fingrane mellom når han skildrar alt som er rangt og gale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement