JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Stolen barndom

Ann-Helén Laestadius kjem med eit nytt sterkt vitnesbyrd om uretten mot det samiske folket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist.

Foto: Thron Ullberg

3864
20240223
3864
20240223

Roman

Ann-Helén Laestadius:

Straff

Omsett av Magne Tørring
Aschehoug

Samiske Ann-Helén Laestadius fekk mykje positiv merksemd for Stjålet som kom på norsk for to år sidan. Romanen gav eit skakande innblikk i dei intense motsetnadene mellom ulike etniske grupper i den svenske delen av Sápmi.

I Straff held forfattaren fram med å vitne om uretten mot folket hennar. I denne boka handlar det om tilhøva på internatskulane midt på 1950-talet. Barn frå reindriftsfamiliar vart sende av garde frå skulestart, langt frå heimen – om ikkje alltid geografisk, så kulturelt.

I eit heilt framandt miljø fekk dei undervisning på eit språk dei til å byrje med ikkje kunne eitt ord av, og dei skulle bu og finne seg til rette med ukjende vaksne som ikkje alltid ville det beste for dei. Rasismen var utbreidd, overgrepa tallause. Fenomenet er velkjent også frå Noreg.

Gjennom dei ulike perspektiva til fem barn som var internerte midt på 1950-talet, får vi opplevingar frå eit brutalt regime. Tretti år seinare møter vi dei same personane att, som vaksne. Som det står til slutt i boka, er forteljingane oppdikta, men dei byggjer på verkelege hendingar og tilhøve.

 Sadistisk husmor

Dei to tidsplana og dei ulike forteljarstemmene er turnerte på strukturert vis gjennom heile romanen. Språket er ikkje utprega biletrikt eller poetisk, men den realistiske stilen er sikker og stø. Laestadius har skrive mange barnebøker før ho byrja skrive for vaksne, og ho har eit ekstra godt handlag om barneskildringane. Kapitla der barna har perspektivet, gjer mest inntrykk, og det er ikkje berre fordi dei er dei mest skakande.

Internatet, eller nomadeskulen, som det heiter her, blir styrt av ein tyrann. «Husmor», som er tittelen hennar, skulle aldri ha vore sett til å ta seg av barn. Dama har eit heftig temperament, og når det kokar over, gjer ho dei mest brutale ting med barna, som bokstaveleg tala er heilt i hennar vald. Her finst andre vaksne med større hjartelag som yter eit minstemål av trøyst, men også dei er redde og makteslause overfor husmor og styresmaktene over henne igjen.

Verst går det ut over vesle Jon-Ante som får handa deformert for resten av livet når husmor mistenkjer at han har synda på det grovaste: Han har joika. Ho trakkar på handa hans med ein spiss hæl og øydelegg henne for livet. Alt som er samisk, er den største synda, får barna høyre, det er rett og slett djevelens verk. Slikt går naturlegvis på sjølvkjensle og etnisk identitet laus.

Alle dei fem som vi følgjer i boka, får mein av åra på skulen, men på ulikt vis. Nokre klarar seg tilsynelatande bra i vaksenlivet, i alle fall i svenske auge, når dei berre skjuler den etniske identiteten. Andre har større tryggleik og held seg nær det samiske. Ein av gutane blir sjølv ein brutal mobbar.

«Laestadius har eit ekstra godt handlag om barneskil­dringane.»

 Sjølvstendige val

Karakterteikningane av dei vaksne står ikkje fram like pregnante som barneframstillingane. Den mest levande på 1980-talstidsplanet er kanskje Marge, som vi følgjer tett når ho sjølv blir aleinemor til ei adoptert dotter. Marge møter seg sjølv i døra i vanskelege spørsmål rundt det å vere fleirspråkleg og tilpasse seg kulturelt.

Dette bringar inn nye og interessante perspektiv i soga. Til liks med alle menneske må også offera for nomadeskulen gjere bevisste val for å bli frie og sjølvstendige vaksne. Forteljinga om den vesle dottera til Marge fører også lys inn i ei elles nokså mørk soge.

Eg veit ikkje heilt kvifor det her heiter «nomadeskule» og ikkje «internatskule», som har vore den vanlege norske termen, men omsetjinga verkar særs god. Boka inneheld ein god del samisk og er utstyrt med ei hendig ordliste.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis