StjernesystemetLady Gaga og Bradley Cooper spelar og syng sterkt i ein tradisjonstru storfilm.DramaRegi: Bradley Cooper

Lady Gaga og Bradley Cooper spelar og syng sterkt i ein tradisjonstru storfilm.

Jackson Maine (Bradley Cooper) og Ally (Lady Gaga) møtest, og søt musikk oppstår.
Jackson Maine (Bradley Cooper) og Ally (Lady Gaga) møtest, og søt musikk oppstår.
Publisert

Denne historia om ei kvinne frå små kår som skyt fart mot underhaldningshimmelen, blei først fortald om stjernesystemet i Hollywood med Janet Gaynor i hovudrolla i 1937. Sidan har vi fått musikalske variantar med både Judy Garland og Barbra Streisand. No spelar Lady Gaga servitøren Ally som med si sterke stemme får opptre blant dragartistar på ein lokal bar. Ein kveld ramlar den stupfulle superstjerna og countryrockartisten Jackson Maine (Cooper) inn døra. Søt musikk og kjendisstatus ventar.

Stemmene

Bradley Cooper er kjend som skodespelar, men debuterer som regissør med A Star Is Born. Han har ei stø hand, om enn ikkje vilje eller mot til å gå på tvers av innarbeidde formlar. Lady Gaga har ei usannsynleg sterk stemme, som ho får brukt ofte. Det løftar filmen. Cooper gjer også ein imponerande jobb som songar. Lydsporet er godt og treffer nok breitt på store pop- og countrymarknader i USA. Lady Gaga har skrive mykje musikk sjølv. Luke Nelson, son til Willie, står for store bidrag, og Cooper har gjort sitt, men favoritten min var «Maybe It’s Time» av Jason Isbell. Nyinnspelinga etablerer filmhistoriske referansar når Ally syng strofer frå The Sound of Music i opningssekvensen.

Spelet

Det er ikkje første gong Lady Gaga er å sjå som skodespelar. Truleg blir det heller ikkje siste. Ho er ei stjerne i dette spelet òg, som på musikkscena. Til liks med figuren Ally verkar det som ho veks naturleg med oppgåvene. Styrken i Ally og blandinga av ljos og mørker i Jackson gjev dynamikk. Bifigurane er gode, og fråværet av parodiske skurkar skapar truverd for forteljinga. Musikkbransjen har skuggesider, og dei er tematiske trådar. Jack er seg sjølv. Med det same Ally skal sikte mot stjernene, kjem hårfarge og nase på dagsordenen, og dansarar og koreografi er eit krav. Cooper får fram kjønnsdiskrimineringa i stjernesystemet. Rus, sjølvhevding, kynisme og kjærleik må òg med, men størst av alt er kjærleiken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement