Teater

Stjernekamp à la dazumal

Hilde Louise Asbjørnsen er best som seg sjølv, men hyller idola sine med kjærleik.

Hilde Louise Asbjørnsen med inspirasjonskjelder på plakaten.
Hilde Louise Asbjørnsen med inspirasjonskjelder på plakaten.Hilde Louise Asbjørnsen med inspirasjonskjelder på plakaten.
Publisert Sist oppdatert

Chat Noir:

Einkvinneshowet som Hilde Louise Asbjørnsen no endeleg har fått premiere på, har hatt eit langt svangerskap, minst eit halvt år forseinka etter planen. Men det er ingenting som tyder på at det har tapt seg på å mognast.

Asbjørnsen er framleis 100 prosent på hogget, som songar, dansar og komikar. Det er nok lenge sidan norsk showbusiness har hatt ein så allsidig artist. Og det må kan hende ei slik som henne til for å lage ei showhyllest til store kvinnelege song- og skodespellegender frå fortida.

Breitt register

Truleg har ho, ja faktisk, eit breiare kunstnarleg register enn fleire av legendene ho fortel om. Men da er òg utfordringa å få synt oss kva som var det heilt spesielle med desse damene. Dei må ha hatt noko unemneleg.

Bessie Smith! Mae West! Marlene Dietrich! Josephine Baker! Billie Holliday! Edith Piaf! Marilyn Monroe! Og så vår eigen Bokken Lasson, da! Det er litt av ein gjeng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement