Stivbeint muldyr

Replikkane burde sitta laust og regien stramt, ikkje motsett.

Earl (Clintwood) rotar seg meir og meir inn i narkotikahandel.
Earl (Clintwood) rotar seg meir og meir inn i narkotikahandel.

Drama / krim

Regi: Clint Eastwood

The Mule

Med: Clint Eastwood, Bradley Cooper, Dianne Wiest

Earl (Eastwood) har heile livet levd sutlaust og pengelaust, noko som har gått ut over familierelasjonane og gartnarbedrifta. Då han får tilbodet om å ta med seg ulovleg last på ein av sine mange bilturar gjennom Statane, ser han ikkje store aber med å tena ein slump med pengar sidan han likevel er på vegen. Såleis rotar han seg meir og meir inn i narkohandel og skumle typar.

Aldri sei alder

Ut av ein eldgamal pickup stig ein tilsvarande gamal Eastwood, må det vera lov å seia. Og dei artige kommentarane han serverer latino-arbeidarane sine, verkar tilsvarande støle. Kan ein halda det imot «Clintern» at han er vorten 89 år gamal? At han har laga ein ganske traust, trygg og noko klisjéaktig film er ikkje noko nytt – det har han drive med i fleire tiår. At han framleis synest han har noko å koma med, er heller ikkje noko å kritisera han for. Langt yngre folk har laga langt dårlegare filmar. Men eg kjenner det er vanskeleg å sjå forbi alderen med tanke på dei mange trøytte replikkane han lirer ut av seg: Ungdommen sit berre på mobiltelefonane sine, ingen kan skifta dekk lenger utan å googla det og musikk laga før 1950, tel ikkje.

No

Eit anna problem er at karakteren Earl ikkje verkar truverdig. Finst det nokon coolare enn Clint? Han har ein tøff, men respektfull tone med dei meksikanske kollegaene, han har reist land og strand og kjenner folk, og sjarmerer alle på gartnarmessa han stiller opp på.

Likevel har han tydelegvis ikkje fått med seg at det ikkje heiter neger lenger, og lesber på motorsykkel er noko fascinerande greier. Slike folk finst ,sjølvsagt, og ikkje få heller, men Clint dreg ikkje i land desse slaskekvalitetane. Eg trur rett og slett ikkje på at han er ein landsens tosk.

Sjølve problematikken i filmen er også noko – vel – problematisk. På eine sida handlar det (som vanleg) om ein kvit mann som går sine eigne vegar, og alle latinoane er harde, uforsonlege narkokriminelle. Utanom dei som byrjar setja pris på den gamle, kvite mannen, då. Dei får framstå hakket meir sympatisk ei stund. At han betalar for sex med unge prostituerte, gjer han berre til ein festleg fyr i deira auge. Såleis opprettheld The Mule ein oss og dei-tematikk, noko eg tvilar på var intensjonen.

Filmen er ikkje utan sjarm, men som spenningsdrama eller politisk kommentar fungerer det dårleg. Så då sit du igjen med nok ein midt på treet Eastwood-produksjon, og det beste ein kan seia, er at han skal ha for innsatsen. Orsak, cabrón, det held ikkje, same kor kul du ein gong var.