Bok

Stilsikre noveller

Viktoria Lindbergs forfattarskap veks bok for bok.

Viktoria Lindberg fekk Vestfold og Telemarks litteraturpris for den førre novellesamlinga, som kom ut i 2015.
Publisert Sist oppdatert

Eg har etter kvart blitt så gammal at eg minnest kor eg var da president Kennedy blei skoten, og da Oddvar Brå knekte staven, men eg minnest ikkje kor eg var da Diana døydde.

Det gjer derimot Viktoria Lindberg, som i den nye novellesamlinga si har ein svært reflektert og innsiktsfull tekst om «Dagen Diana døde» der ho på elegant vis flettar dødsfallet inn i langt større samanhengar enn fasinasjonen for det engelske kongehuset.

Små detaljar utvidar innhaldet mot ei sorg over det forgjengelege, og omslaget, som viser ein blomsterdekorasjon, fell også på plass og gir teksten substans og ei djupare innleving.

Fem noveller

Vokter over kroppens dal består av fem noveller, og den kryptiske tittelen blir forklart i den tredje novella, «Myrlendt landskap» der lesaren kan følgje feministen Synnøve i buss for tog frå Oslo til Bergen, ein problematisk og tungvint reisemåte som ein i etterkant kan smile av.

Som lærar er ho oppteken av språk og ord som krenker, og særleg forsvarar ho sitt eige kjønn mot ord som fitte, bitch og kjerring, samtidig som ho integrerer brei kulturkunnskap i teksten og i tankestraumen, farga av ein lun humor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement