Bok
Stilsikker finsk romandebut
Minna Rytisalos debutroman er stilsikker og gripande.
Minna Rytisalo (f. 1974) er finsk. Ho arbeider som finsklærar i den vidaregåande skulen og er litteraturskribent.
Foto: Marek Sabogal
Det er sjeldan ein les eit så gjennomført og sikkert stykke tekstarbeid frå ein debutant. I eit poetisk og likevel konkret språk er det både ein kjærleiksroman og ei kriminalgåte som faldar seg ut for lesaren i Lempi. Forteljinga om kvinna som har gitt namn til romanen, får vi gjennom tre ulike personar som stod henne særleg nær nokre hektiske månader i 1944 og 1945, under den finske Lapplandskrigen.
Denne krigen var svært dramatisk for folk i området. Hovudstaden Rovaniemi brann ned, ein tredel av bustadhusa i området vart øydelagde og minst 100.000 menneske vart sende på flukt.
Badstovebad og erotikk
«(…) og vi var vann og himmel, sammenfiltrede bjørkekvister duvende i felles rytme.» Orda er lagde i munnen på den første forteljaren i boka, den unge bonden Viljami. Han og Lempi møtest ved eit tilfelle, og det er kjærleik frå første augekast. Dei trassar klasseskilnad og krig, gifter seg og flytter raskt til den vesle garden hans ved innsjøen. Der skal Lempi leve eit liv ho verken var etla til eller budd på – eit bondekoneliv på eit lite bruk, med alt slitet og strevet det inneber.
Men Viljami har vore føresjåande og skaffa ei hushjelp som er langt meir røynd med slikt arbeid. Han synest han har stelt det godt i stand for seg og kona, og for garden. Blikket er nok litt sløra av elsk, dei nygifte er stormforelska og lever ut erotikken både på soverommet og i dei naturskjønne omgjevnadene. Lesaren anar etter kvart at den tredje bebuaren på garden òg er fylt av sterke kjensler. I neste bolk får vi vite meir om dette. Då er det ho – «hjelpejenta», som ho vert kalla – som kjem til orde. Knuten strammar seg gradvis til rundt desse tre.
Ei anna trugande sky, som stadig rykkjer innpå, er krigen. Det storpolitiske er først eit litt fjernt bakteppe for dramaet, men blir gradvis meir bestemmande for kva som hender. Romanen gjev inntrykk av eit autentisk bilete av samfunnstilhøve og mentalitet i tida, og eit ekte feste i det lapplandske og finske – både i språkføring og miljøskildring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.