Musikk

Stilistisk syntese

Georg Muffats kosmopolitiske jubileumsmusikk imponerer.

Lars Ulrik Mortensen dirigerer Concerto Copenhagen.
Lars Ulrik Mortensen dirigerer Concerto Copenhagen.
Publisert

1682 blei utropt til jubelår i Salzburg. Byen feira 1100-årsjubileumet sitt, noko som blei markert musikalsk. Den mest kjende jubileumskomposisjonen var hoffkapellmeisteren H.I.F. Biebers Missa Salisburgensis – ei «mammutmesse» for heile 54 stemmer.

Mindre kjent er det kompositoriske jubileumsbidraget til hofforganisten Georg Muffat (1653–1704): Armonico Tributo («Harmonisk hylling»), ei samling med det komponisten kallar fem «sonatar», men som i røynda er concerti grossi, der ei solistgruppe speler mot og med eit stort orkester. Barokkorkesteret Concerto Copenhagen under leiing av Lars Ulrik Mortensen har no spelt inn desse stykka, som er høgbarokk musikk av beste slag.

Corelli og Lully

Muffat var i utlandet dei fyrste seks månadane av jubelåret. I Roma studerte han hjå samtidas største italienske fiolinist og komponist, Arcangelo Corelli, og det er truleg under Corellis rettleiing dei «harmoniske hyllingane» hans blei til. Korleis skal me skildra denne musikken?

Muffats stil har mykje sams med Corellis. Men medan Corelli skreiv i rein italiensk stil (han er blitt ståande som den største klassikaren i italiensk barokkmusikk), sameina Muffat ulike nasjonale stilar og utvikla slik sitt heilt personlege, kosmopolitiske «musikkspråk». Denne internasjonale stilen speglar livet hans: Han kom til verda i dagens franske departement Haute-Savoie og enda til slutt opp i den bayerske grensebyen Passau, ved grensa til Austerrike.

Før han studerte hjå Corelli, hadde han gått i lære hjå den franske musikkens største koryfé og stilskapar, Jean-Baptiste Lully. Og det er Lullys storfelte, elegant ornamenterte og danseprega komposisjonsmåte han i jubileumsverket Armonico Tributo kombinerte med den songleg-virtuose tonen i Corellis italienske musikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement