Musikk

Stilisert og tilbakehalde

Pianotrioen HÜM står i ein moderne europeisk tradisjon.

Publisert

Bojan Marjanovic er ein serbisk pianist busett i Oslo. Han har jobba med fleire leiande jazzmusikarar her til lands, men for tida deler han seg mellom duoprosjektet han har gåande med landsmannen og bassisten Uros Spasojevic, og trioen HÜM. Sjølv om det på omslaget heiter at bandfilosofien til trioen er å jamstella instrumenta i lydbiletet, greier dei ikkje heile tida å leva opp til programerklæringa, sjølv om dei i den EST/In The Country-inspirerte «Artic Ice» er på rett spor.

Marjanovic har komponert all musikken, bortsett frå den serbiske folketonen «Cvkje cafnalo», og solistisk dominerer han sterkt. Til tider pøser Marjanovic på med idear som gjev lite rom for den jambyrdige musikalske samtalen.

Stilistisk plasserer dei seg i ein europeisk moderne pianotriotradisjon, og det improviserte blandar seg med det komponerte og arrangerte på ganske stramt, men funksjonelt vis. Komposisjonane varierer i tempo, men går stort sett i sakte og medium tempo og har gjennomgåande eit molldrag over seg.

Pianostilen til Marjanovic er flytande og klangrik, og det samla lydbiletet kan til tider både vera grandiost og diffust, som i «Peculiar Being», eit av høgdepunkta på plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement