Film
Stilfull Oscar-kandidat
Den norske Cannes-suksessen Armand er ein formsterk debut.
Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Noko har skjedd på skulen, og Elisabeth (Reinsve) kjem køyrande i full fart medan ho på telefonen fortel sonen Armand at ho elskar han. På skulen møter ho læraren Sunna (Lambrechts Vaulen). På grunn av veik leiing må ho ta praten med Elisabeth og foreldra (Petersen og Hellestveit) til ein gut Armand skal ha tråkka særs alvorleg over grensene til.
Dei to seksåringane er kameratar, men lærarane verkar vane med at Armand skapar problem. Det som følger, er intense, utrivelege samtalar der nye detaljar dryp jamt. Stemninga er sveitt, og den føreståande sommarfesten blir neppe eit høgdepunkt.
Brakdebut
Halfdan Ullmann Tøndel vann Camera d’Or i mai, prisen for beste debut i Cannes. Det er stort. Forventingane veg tungt når du ber privilegium og press frå ættene Bergman og Ullmann. Norsk kandidat til Oscar er filmen òg. Eg var difor ekstra spent på om Armand skulle innfri.
Skodespelartruppen er prikkfri. Renate Reinsve ruvar. Kampen mellom ho og Ellen Dorrit Petersen som mødrer spelar seg ut som mellom to alfahoer. Thea Lambrechts Vaulen overtyder som snill, stressa lærar, og Øystein Røger glitrar som feig rektor.
Vi får møte nokre kjende typar. Eit konfliktsky skuleverk møter foreldre som forsvarar sine born, koste kva det koste vil. Kanskje spelar fordommar inn? Skulen har slappe rutinar og svak leiing. Brannalarmen som går av konstant og utan grunn, varslar om manglande kontroll. Den gamle rektoren saknar ei tid med autoritet, men har resignert for lengst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.