Teater
Sterke individuelle og universelle tilbakeblikk
Er vi stolte av vår norskdom?
Skodespelar Gjertrud Jynge i installasjonskunstverket som symboliserer demokrati, laga av Lars Ramberg.
Foto: Siren Høyland Sæter
Terrorkatastrofen som ramma Noreg for åtte år sidan, sette landet vårt i eit nytt lys for resten av verda og gjorde at vi òg måtte sjå oss sjølv i kvitauget og spørje: Korleis er eigentleg vi nordmenn, og kva slags land er det vi bur i? Er det ein sovande tiger under den sosialdemokratiske yta? Er kjønnspolitikken vår og antidiskrimineringslova berre ein tynn fasade over noko anna som vi helst snur oss vekk ifrå?
Det er ei særs interessant og utfordrande vinkling det norsk-tyske teaterprosjektet Ein av oss / Einer von uns har på desse samtidsspørsmåla. Med eit i utgangspunktet sterkt søkjelys på 22. juli-hendinga og han som stod bak, får framsyninga det òg til å handle om korleis vi i Noreg – og i Tyskland – for få tiår sidan såg på jødar, romfolk – og kvinner som ville meir enn å vere mødrer. Og trass i dei mange tilsynelatande endelege framstega vert det peika på mange mest umerkelege tendensar til tilbakesteg. Kvar er vi på veg? Skal vi berre la det dure og gå?
Framsyninga fører oss inn i eit scenerom utstyrt med ein koloss av banankasser, utstyrte med diverse stikkord på norsk og tysk. Når stykket byrjar, blir kolossen riven over ende i eit kaotisk kasselandskap. Fire skodespelarar, to tyske og to norske, kjem vekselvis med sjølvbiografiske vitnesbyrd om minne knytte til 22. juli og korresponderande personlege minne, og dei siterer det ulike skribentar og rikssynsarar har uttalt. Det er sjølvsagt mest heile tida i grenseland mellom skodespel og dokumentarisk foredrag, men det får i den reinskorne og rolege forma ein høg og verdig teatral dimensjon, intens og alvorleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.