Sterk soge om hava som skapte NoregDen frodige, blå åkeren er i ferd med å bli eit syrebad.SakprosaPer Anders Todal:

Den frodige, blå åkeren er i ferd med å bli eit syrebad.

Torskefangst på trålaren «Nueva Barca» i Barentshavet.
Torskefangst på trålaren «Nueva Barca» i Barentshavet.
Publisert

I tre år har Per Anders Todal reist i dei norske havområda som er seks gonger større enn fastlandet. Han har brukt tida godt, stilt gode spørsmål til både fiskarar og forskarar, og fått mange kloke svar. Dessverre er nokre også svært dramatiske. Det jagande folkeslaget som skapte ein av dei økonomisk sterkaste nasjonane i verda, har lagt framtida i eit syrebad.

Men før det kjem så langt, er det vanleg at folk som brukar tida på havet, kjem heim med noko av verdi. Med boka Havlandet. Historia om hava som skapte Noreg oppfyller Todal dette kravet, skyhøgt over minstemålet. Vi toler godt ei ny «havbok», men tittelen tok Morten Strøksnes for nokre år sidan. Sjølv om dei to bøkene er nokså ulike, handlar begge om kva vi gjer med havet, og havet med oss. Som mange andre likte eg boka til Strøksnes, og gjer det framleis.

Men Havlandet held det same høge nivået, takk vere Todals velskrivne reportasjar, innsiktsfulle bruk av forskingskjelder og tankevekkjande analysar i eit folkeleg og forståeleg språk. At han i tillegg har eit sterkt tvisyn, kjem vel med fordi bruken av havet til alle tider har vore sterkt omflødd av sprikande meiningar.

Forteljingar

Dag og Tid-journalisten Todal var berre halvtanna år då han stabba ned til fjøra heime på Nordmøre. Nyfikna på det yrande livet under sleipe steinar, tare og tang starta der. Interessa sleppte aldri taket og har no resultert i Havlandet. Dette er ikkje historia om Havet med stor H, men fleire forteljingar om svært ulike norske havområde. Kvart av desse har sin eigen natur og historie, og dei har på kvar sin måte forma liv og livsvilkår for kystfolket.

Med hundrevis av fjordar og ei lang kystlinje mot Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og Skagerak har vi ei sjømatnæring med uvanleg rike ressursar. Er det svart hav i eitt område, går det betre i eit anna. Todal tek lesarane med på kystvakttokt rundt Svalbard, der Noreg, Russland og EU har sine største torskekvotar. Neste stopp er skreifisket med tyngdepunkt i Lofoten, verdas største sesongfiske. Vi blir med på garnfiske rundt Smøla, sildefiske og kvalfangst i Nordsjøen og brislingfiske djupt inne i Sognefjorden – dei siste restane av norsk hermetikkindustri som gjorde Stavanger til ein industriby.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement