Teater

Sterk dokumentasjon – men dramatikk?

Louis’ livsrapport får høg scenetemperatur, men vert likevel litt monoton.

Emil Johnsen spelar sonen som prøver å få kontakt med mor si, spela av Sigrid Husjord.
Emil Johnsen spelar sonen som prøver å få kontakt med mor si, spela av Sigrid Husjord.
Publisert

Den unge franske forfattarstjerna Edouard Louis har hatt eit sterkt internasjonalt nedslagsfelt i dei siste åra, og i Noreg har samarbeidsduoen Kjersti Horn og Emil Johnsen gjort eit omfattande prosjekt av å bringe han til scenen. Framsyninga som hadde premiere førre helga, er det fjerde Edouard Louis-prosjektet deira.

Framsyninga, spela på storskjerm som Horn gjerne gjer det, har eit spennande oppsett, der det syner oss eit forminska kjøkkeninteriør, der ei kortvaksen kvinne, ei mor, spela av Sigrid Husjord, stullar og steller taust med huslege ting, medan sonen (Emil Johnsen) kjem inn og fortonar seg som ei klossete kjempe i dette interiøret. All tekst i stykket vert framført av sonen, vend til mora. Ho er like taus.

Emil Johnsen gjer ein skakande, strålande jobb som den traumatiserte unge mannen. Overfor mora har han både eit vitnesbyrd og ei skulding å kome med. Likevel vert dette etter kvart, trass i Sigrid Husjords nyanserike nærvær, ei heller stilleståande teaterhending, av di teksten ikkje har noka eigentleg handlingsframdrift. Men Edouard Louis er nok heller ikkje den typen forfattar. Han bør nok først og fremst lesast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement