Bok

Stemor er ikkje ein diagnose

Sterk roman om ansvar og sjølvinnsikt hjå ei opprådd stemor.

Line Nyborg er konsekvent og kompromisslaus, og går ikkje utanom det vanskelege.
Line Nyborg er konsekvent og kompromisslaus, og går ikkje utanom det vanskelege.
Publisert

Ein skulle ha hatt ein fire-fem prøveliv før det verkeleg vart alvor, men slik det er, står det poeng på spel ved kvar einaste trening, nedrykkingsspøkjelset pustar deg kaldt i nakken og du kjem for det meste til kort, raude kort. Akk ja.

Line Nyborg har skrive ein sterk roman om å kjenna seg utilstrekkeleg i kvardagssituasjonen. Hovudpersonen Agnes lever åleine med sonen Jacob, faren til guten er ikkje til stades på noko vis. Dagane går utan storhendingar, og Agnes trur ikkje sjølv at ho er på leiting etter noko anna, men så møter ho Sigurd, faren til Ina, som går i same barnehage som Jacob. Lesaren får ganske snart ei kjensle av at korkje barnet Ina eller mannen Sigurd vil gjera eksistensen enklare for Agnes, likevel er det eitkvart som gjer at ho satsar på eit liv i lag med dei. Otten til lesaren, som ein kan ana at Agnes også deler, syner seg snart vel fundert.

Ropet

Sigurd er ein bråsinna og barnsleg mann med mykje grovmotorikk og fint lite anna. Ina har lært seg at ein kan skrika seg til å få viljen sin, same kor meiningslaus viljen eigentleg er. Det er sjølvsagt eit rop om merksemd, og for eit rop det er, Agnes undrar seg fleire gonger over at ein så liten kropp kan laga så sterk lyd. Skildringa av Ina når ho skal ha det slik ho vil, er meisterleg, for Line Nyborg skriv ikkje berre om korleis Ina tykkjest å vera, som om barnet har funne opp synda og lyt bera eineansvar for åtferda si. Me ser henne med augo til Agnes, som samstundes reflekterer over sine eigne reaksjonar. Ho gjer så godt ho kan, medan Sigurd bryt alle reglane ho og han har vorte samde om, han prøver ikkje å setja grenser for Ina, men er derimot brå mot Jacob.

På ein måte er Sigurd like mykje det andre barnet som Ina er det, det er uråd å diskutera med han, han går i skyttargravene straks det er eitkvart som verkar trugande på han, og all kjensle av å komma til kort projiserer han tydelegvis inn i Jacob, som litt etter litt tek til å endra personlegdom.

Frå bakgrunnen får lesaren små bitar av informasjon om ei sak som verserer i avisene medan Agnes og Sigurd strevar med sitt. Saka gjeld ein mann som er skulda for drap på stesonen sin. At noko slikt er mogleg, verkar på tankane til Agnes, men det gjer henne berre meir analytisk, og ho byrjar å bebreida seg sjølv, slik samvitsfulle folk ofte gjer. Kanskje det er ho som er problemet, kanskje ho er ei stemor slik ein kjenner dei frå eventyrverda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement