Musikk
Stel frå dei beste: seg sjølv
Big Thief er ikkje livebandet for deg som helst vil høyre songar du har høyrt før. Der ligg òg fascinasjonen.
Amerikanske Big Thief opna 2026-turneen i Noreg. Frå venstre Buck Meek, James Krivchenia, Joshua Crumbly og Adrianne Lenker.
Foto: Tor Martin Bøe
Det må vere noko i drikkevatnet i Minnesota. Rykta seier at då Prince døydde i 2016, hadde han meir enn tusen ferdige songar i kvelven sin. Skaparkrafta og mangelen på tolmod hos popvirtuosen frå Minneapolis var like sterk som hos Bob Dylan, også han med røter i same amerikanske delstat. Prince var berre tungt kritisk til sitt eige materiale. Ikkje det at Dylan ikkje er vel så kritisk, men han held ikkje like mykje att.
Adrianne Lenker voks òg opp i denne delstaten og må ha drukke av same vatnet. Ho har i alle fall ei vel så kreativ uro, som ho ikkje held igjen på. Som frontfigur og låtskrivar i Big Thief kombinert med eigen solokarriere, framstår ho som om det nærast er ein ustoppeleg straum av låtar i henne. Ein låtstraum ho vil ha ut til folk så fort som mogeleg.
Ein kan ikkje gå på konsert med Big Thief utan å få høyre nytt, enno ikkje utgjeve materiale.
Mann og kone
Då dei spelte på Øyafestivalen for snart to år sidan, var nesten halve settet frå Double Infinity. Det høyrest ikkje uvanleg ut, før ein hugsar at albumet først kom i september i fjor, fjorten månader etter konserten.
Det er altså dette albumet dei no er på turné med, i 2026. Men bandet har for lengst kome seg vidare frå denne «steingamle» utgjevinga, som for alle oss andre berre er 224 dagar gammal når denne avisa kjem ut. Dei er ikkje eit band for dei som berre vil høyre det dei alt kjenner til. Eller forventar å få høyre dei same songane på konsert som dei spelte dagen før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.