Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

Bruce Springsteen på ein konsert i Meadowlands Arena i New Jersey 5. august 1984.

Musikk

Publisert Sist oppdatert

Snart rullar Springsteen-sirkuset inn i Bergen, som er einaste norske stoppestad på denne runden. Har du billett, kan du sjølvsagt forvente ein veritabel rockemaraton, med eit trettital songar før kvelden senkar seg over eit kapasitetsutfordra Koengen. Og sjansane er store for at ein god klunk av låtane kjem frå Born in the U.S.A. (1984), albumet som representerte det definitive, kommersielle, globale gjennombrotet for Springsteen. Rett som det er, spelar gjengen på scena halve plata og vel så det, noko som gjer utgivinga til den som artisten har spela mest frå etter Born To Run (1975).

Vil det seie at det går an å fylle ei heil bok med analyse og refleksjon rundt albumet? Tydelegvis, i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden. Då eg gjekk i gang med å lese There Was Nothing You Could Do: Bruce Springsteen’s Born in the U.S.A. and the End of the Heartland, håpa eg på breidda og djupna frå forfattarens framifrå This Isn’t Happening: Radiohead’s Kid A and the Beginning of the 21st Century (2020). Eg vart ikkje skuffa.

Hydens essayistiske, grundande skrift kjem tett på musikken, men rommar også både kulturanalytiske og historiske sveip, og naudsynt kontekstualisering og aktualisering. Forfattaren maktar å skrive personleg og nært, utan at anekdotane skyv fokuset over på han sjølv, og det er viktig – skal ei bok som dette lukkast, er det av openberre grunnar særleg avgjerande at ikkje nostalgien får overtaket.

Allemannseige

Med Born in the U.S.A. vart Springsteen allemannseige, og den utgåva av artisten som snart vitjar Bergen, tok form. På turneen som følgde, var repertoaret meir stabilt frå kveld til kveld enn før, med innøvd koreografi og førehandsskrive snakk mellom songane, perfeksjonert og utført i det velolja maskineriet som er stadionrock, der det er mindre plass til den spontaniteten, villskapen og rufsete sjarmen som hadde kjenneteikna tidlegare konsertar i klubbar og på arenaer. Springsteens vedvarande appell kom ikkje minst av at han takla denne overgangen så godt – ingen annan artist har makta å skape ei større kjensle av nærleik og intimitet i dette formatet.

Hyden var seks år gammal då han først høyrde Born in the U.S.A., i baksetet i familiebilen. Sjølv var eg tolv. Vi tralla begge med, utan å forstå stort anna enn at det var fint å høyre på. Som Hyden skriv, gjekk mange som i ung alder oppdaga Springsteen gjennom dette albumet, vidare til å vurdere andre plater som langt viktigare – særleg Born to Run, Darkness on the Edge of Town (1978) og Nebraska (1982). Og likevel er det kanskje berre fenomenet Born in the U.S.A. som i all si breidde er verdt ei heil bok. Boka skildrar korleis Springsteen i somme periodar har prøvt å frigjere seg frå avtrykket utgivinga skapte – og i andre periodar har prøvt å finne tilbake til det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement