Bok
Sprengfylte hjarte
Det historiske bakteppet er knallsterkt, men prosaen svak.
Ellen Vahr har skrive fleire romanar og sakprosabøker.
Foto: Oda Berby
Ellen Vahr har gripe fatt i ei ukjend arbeidarhistorie frå Oslofjorden under den første verdskrigen. Nitroglycerin Compagniet, etablert i 1865, kom etter kvart til å drive fleire fabrikkar med sprengstoffproduksjon i Indre Oslofjord og Drammensfjorden. I perioden 1916–1918 vart våpen produserte på Håøya ved Drøbak.
Arbeidstilhøva på fabrikken var spesielt elendige og hadde preg av slaveri. Arbeidarane vart nekta arbeidshanskar og fekk farlege sår, byllar og eksem. Å puste inn dei farlege stoffa var enda skadelegare. I verste fall gjekk det på livet laus.
Her arbeidde ca. 60 kvinner. Kvinnelege fangar vart henta frå eit fengsel i Kristiania. Nokre kjelder fortel også at «gatejenter» vart plukka opp og transporterte ut til øya, og at ein del heldt fram med å vere prostituerte ved sida av fabrikkarbeidet, mellom anna utnytta av militært personell på Oscarsborg. Andre historikarar meiner i dag at dette er falske rykte. Ellen Vahr har tatt prostitusjonen med i boka, men skriv i etterordet at ho har dikta fritt med utgangspunkt i kjeldene.
Ulykkeleg kjærleik
Romanen har eit nokså tradisjonelt plot. To unge menneske, bundne saman av ei nesten gløymd fortid, møter kvarandre att etter mange år. Hjarta bankar, men det verkar uråd at det kan bli dei to. I tillegg er moralske dilemma og lojalitetskonfliktar ein grunntematikk.
Jakob Johanson er soneson av ein mann som kjende Alfred Nobel, i dag mest kjend for dei gjæve prisane, men også mannen som fann opp dynamitten. Jakobs far hadde arbeidd med sprengstoff på fabrikk, øydela helsa og døydde i ei dramatisk arbeidsulykke. Sjølv får Jakob ein unik sjanse til å kome seg opp og fram når han blir bydd ei overordna stilling på fabrikken som skal etablerast på Håøya – av mannen som skal bli svigerfaren hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.