Teater

Sprek og gripande villand

Energisk nytolking kastar nye ljosstreif over Ibsen-klassikar.

Gina Bernhoft Gørvell spelar hovudrolla som Hedvig Ekdal.
Gina Bernhoft Gørvell spelar hovudrolla som Hedvig Ekdal.
Publisert

I landet Noreg, der vi har fostra verdas største dramatikar, har vi i seinare år ikkje alltid hatt det like lett med Ibsen på scena, korkje i salen eller på podiet. Redsla for å verte repeterande og konvensjonell har ofte ført til heller krampaktige versjonar av stykka hans, på det verste som om ein vil dumme ut Ibsen i staden for å ta han alvorleg. Men det finst heldigvis unnatak, der ein makter å transformere det svunne i det ibsenske «yttertøyet» til vår eiga tid, utan at essensen fordampar på vegen. Det har dei klart på Scene 3 denne gongen.

Symbolmetta

Villanda er eitt av dei mest symbolmetta stykka til Ibsen, og symbolikken er formidla i nokre herleg poetiske dialogar. Replikkane om «havsens botn» der villender og (overført) menneske dukkar ned og bit seg fast i mørkret, og gamle Ekdals mumling om at «det er hemn i skogen» – tru berre ikkje at du kan vinne over naturkreftene, korkje utanfor eller inni deg – sluttar aldri å fengsle oss.

Og denne gongen kjem stykket i ein enkel, minimalistisk setting, visuelt sett eit familieinteriør av i dag, med foreldre som sit med ein PC, utan å sjå den introverte tenåringsdottera i hettegenseren. Jenta (Hedvig) har minimalt med replikkar i høve til kva vi har vore vane med, men ho går rundt med kamera og knipsar personane rundt seg i eit banka kjør, og bileta kjem heile tida opp på storskjerm midt på scena. Det gjev ein fascinerande ekstradimensjon til personskildringane og konfliktane som byggjer seg opp. På eit mest umerkeleg vis markerer det òg den fåmælte Hedvig-karakteren som den einaste heilt klårtsjåande personen i stykket.

Lagnadsdrama

I denne innramminga får vi i komprimert form heile det opphavlege dramaet (minus førsteakta), og den notidige miljøkoloritten gjev slett ikkje noka tvungen kjensle av teatralt andletsløft. Skodespelarane finn på augneblinken grunntonen i karakterane, og minutt for minutt held dei oss fastspente i det akselererande lagnadsdramaet, som sjølvsagt aldri kan ende bra. Frode Winther som Hjalmar, Gard Skagestad som Gregers, Ellen Birgitte Winther som Gina, Paul Ottar Haga som Relling, Gina Bernhoft Gørvell som Hedvig, ja, dei hine òg – det er eit fellesløft i ensemblet som det er klasse over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement