Teater
Spreidde ljosglimt i ujamn Fosse
Jon Fosse har framleis manande kraft, men kan ikkje spelast på kva måte som helst.
Nils Golberg Mulvik og Marte Engebrigtsen spelar han og ho.
Foto: Øyvind Eide
Den unike posisjonen Jon Fosse har fått som norsk og internasjonal dramatikar, set vi ikkje lenger spørjeteikn ved. På eine sida taler suksessane for seg sjølve, og dessutan ser vi jo, mest kvar gong vi ser noko av han, at tekstane hans faktisk er sjeldan verknadsfulle, både i poetisk forstand og med omsyn til dramatisk effekt. Han er for lengst vorten parodiert på revyscena, men du verda kor det prellar av når vi går attende til kjelda.
Smertefull stemning
Natta syng sine songar er eit tidleg stykke i Fosse-katalogen. Det hadde urpremiere på Rogaland Teater i 1997, og dei av oss som såg det den gongen, hugsar vel enno ei smertefull stemning av depresjon som prega heile persongalleriet. Det var likevel ei vakker skildring av sorg og hjelpeløyse. På Nationaltheatret, i eit dunkelt, minimalistisk scenebilete, får ein meir ei kjensle av apati og likesæle. Den franske regissøren har nok gått til verket med ei less is more-innstilling, og det farlege er at da kan dei typiske, gjentakande dialogane til Fosse bli monotone, keisame.
Nils Golberg Mulvik og Marte Engebrigtsen som det unge paret med samlivsproblem er båe truverdige i uttrykket, men så lenge dei er åleine på scena, vert det ikkje nok dynamikk i spelestilen til at vi orkar å interessere oss særleg for dei.
Underfundig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.