Språkleg likestilling

Hvem sa hva? gjev gode svar på vanskelege spørsmål.

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap. Ho har skrive fleire bøker om språk.
Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap. Ho har skrive fleire bøker om språk.
Publisert

I januar 2017 skreiv Dagbladet.no om det banebrytande arbeidet til lækjaren og forskaren Anita Kåss. Tittelen var slik: «Anita (37) oppdaget pille mot leddgikt. Nå er rettighetene solgt for 800 millioner.»

Det er drygt å omtala ein velvyrd fagperson på denne måten. Dagbladet tok etter kvart til vitet og endra tittelen, men eit gnagande spørsmål heng att i lufta: Kunne avisa ha omtala ein mannleg forskar på denne måten? «Per (37) oppdaget pille»? Trur ikkje det, svarar Helene Uri.

Legitimeringa

Temaet «språk og kjønn» er stort, ømt og innfløkt, og forfattaren må rekna med at prosjektet vert låtteleggjort og bagatellisert. Då NRK la ut ei sak om Hvem sa hva? på Facebook-sida si (12. september 2018), gjekk det ikkje lange stunda før det vart liv i kommentartråden. Her kunne me til dømes lesa at folk generelt og Uri spesielt må ha lite å driva med for tida, sidan «slike trivialiteter» får merksemd.

Mot denne bakgrunnen er det rimeleg at Uri opnar boka med å grunngjeva sjølve prosjektet. I innleiingskapittelet viser ho til ei rad forskingsarbeid som provar at menn og kvinner vert vurderte ulikt, til og med her i Noreg – «et av verdens mest likestilte land». Nokre meiner at me ikkje treng å bry oss om kjønnsskilnader i språket no som likestillinga er komen so langt. Uri snur denne tankegangen på hovudet: Å granska kjønnsaspektet i norsk er interessant nettopp fordi Noreg er sopass likestilt.

I boka drøfter Uri to overordna spørsmål: «Bruker kvinner og menn forskjellige språk?» «Omtales kvinner og menn forskjellig?» Svaret er ja på båe spørsmåla, sjølvsagt med ei rekkje atterhald – og nettopp balansen mellom reservasjonar og spissformuleringar synest eg Uri får fint til. Ho tillèt seg å koma med fyndige utsegner (til dømes «Menn snakker mer enn kvinner når både kvinner og menn er til stede.»), men gløymer aldri å ta dei naudsynte atterhalda. Teksta misser kanskje litt futt på den måten, men samstundes vert det lettare å nytta boka som grunnlag for sakleg debatt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement