Bok
Språk og identitet
Som ungarsk flyktning i Sveits opplevde Agota Kristof analfabetens traume.
Boka til Agota Kristof inneheld elleve små forteljingar som dannar ei større historie.
Foto: Philippe Pache / Getty Images / Cappelen Damm
I 1956, etter at Sovjetunionen hadde knust det ungarske opprøret, flykta den 21-årige Agota Kristof saman med mann og ei fire månader gammal dotter over grensa til Austerrike og vidare til franskspråklege Neuchâtel i Sveits, der ho blei verande fram til ho døydde i 2011.
Ho reiste frå slekt og venner utan å ta farvel, ho forlét eit språk og eit land ho var nært knytt til, ho forlét den skrifta ho kjente, ei hemmeleg dagbok pluss skisser og notat ho hadde gjort frå ho lærte å lese som fireåring. I Sveits må ho starte på nytt som analfabet; ho kan verken snakke, lese eller skrive fransk.
Flyktningstatus
Denne grunnleggjande og allmenngyldige røynsla som flyktning er botnlina i Analfabeten, utgitt på fransk i 2004. Det er ein djupt personleg og sjølvbiografisk refleksjon kring språk og identitet kopla opp mot migrasjon og skifte av heimland, skrive ut i eit korthogd språk og komprimert i elleve kapittel innanfor 50 boksider.
Dei ungarske flyktningane blir tatt godt imot i det nye heimlandet, dei blir tildelte husvære, får arbeid og tilgang til dei sosiale goda som finst. Likevel tenkjer Kristof: «Hvordan ville livet mitt ha vært hvis jeg ikke hadde forlatt hjemlandet mitt? Vanskeligere, fattigere, tror jeg, men også mindre ensomt, mindre opprevet, kanskje lykkelig.»
Og ho tenkjer vidare, etter ein samtale «med den lille fransken jeg kan, at det vakre landet hans bare er en ørken for oss, flyktningene, en ørken vi må krysse for å nå fram til det man kaller ’integrering’, ’assimilasjon’».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.