Bok
Spionerer etter nye lesarar
Vêrmeldinga lovar drøymepåske. Ei god spenningsbok høyrer med på pakkelista til ferien. Flukten til verdens ende er eit godt alternativ for dei yngre lesarane.
Dette er den første boka i ein ny spenningsserie om agent Elvin Griff. Han har vore elev på ein topphemmeleg agentskule heile livet. No har han rømt fordi han har skjønt at han berre er ei brikke i eit stort spel han ikkje vil delta i.
Boka er gjennomillustrert og lett tilgjengeleg, men små kunstnarlege grep gjev større spelerom til ei enkel historie. Med outsiderblikk ser Elvin alt vi kjenner som det vande og normale utanfrå. Det er ei fin øving for alle og minner oss om kunstens evne til å gjere alle ting nye.
Mange ivrige, unge lesarar har dei siste åra vore hekta på historiene om James Muchamore i Cherub-serien av Robert Muchamore, omsett til nynorsk av Øystein Rosse.
James og Elvin har mykje til felles, men desse agentbøkene vil vende seg til ei i yngre målgruppe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.