Spionen som kom ut av skogenDen sovjetiske dobbeltspionen Oleg Gordijevskij var viktig i vurderinga av den farlege krisa i 1983, da
Den sovjetiske dobbeltspionen Oleg Gordijevskij var viktig i vurderinga av den farlege krisa i 1983, da Jurij Andropov meir og meir trudde at USA førebudde krig mot Sovjetunionen.
Ben Macintyre er spaltist i The Times, har vore korrespondent i New York, Paris og Washington og har skrive ni bøker.
Foto: Penguin Random House
«Det verkelege er fantastisk nok», var eit reklameslagord vi brukte i A-Magasinet for 30 år sidan, heilt uvitande om at den sovjetiske dobbeltspionen Oleg Gordijevskij (f. 1938) prøvde det verkelege ut og kom frå det med livet. Han fekk hjelp til å røma til Storbritannia gjennom Finland og Noreg i 1985.
Ein rykande velskriven versjon av historia hans, forfatta av den britiske journalisten Ben Macintyre, vart i haust utgjeven i London. Kanskje er det dekning for den rosande omtala som John le Carré (David Cornwells forfattarnamn) gir på omslaget: «Den beste sanne spionhistoria eg har lese.» Han har sjølv skrive nokre historier, og gode er dei, dei fleste av dei, men han har aldri sagt anna enn at han diktar.
Hyra av britane
Så er det spørsmål om dette er «den største spionhistoria i den kalde krigen», eit superlativ som osar av Donald Trump. For i det svarte hjørnet ruvar framleis Kim Philby, den britiske KGB-agenten som frå Washington fôra Moskva med alle skumle planar amerikanarane hadde lagt, før han hoppa av og vart sovjetisk spionlektor i 1963. Ja visst var han landssvikar, og det så det mona, men om ein ser bort frå det moralske, var det dimensjonar over det han dreiv med.
Gordijevskij vart hyra inn som agent av britane da han var ein stillferdig presseattaché ved den sovjetiske ambassaden i København i 1974. Han tala godt dansk, var godt likt av danske politikarar og journalistar, treivst med dansk kultur og den opne danske samfunnsforma, men sa lite som peikte i retning av at han skulle ha mist trua på det sovjetiske systemet. Han var eit produkt av det; både far hans og bror hans var offiserar i KGB, som han sjølv. Invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 var avgjerande for omvendinga.
Ein mangel ved dei første informasjonane hans til britane var at dei ikkje kunne brukast til anna enn å halda folk under observasjon: Arrestasjonar kunne få etterforskarane i KGB til å retta lyskastarane mot han. I 1974 melde han frå om Gunvor Galtung Haavik og Arne Treholt og om den svenske dobbeltspionen Stig Bergling. Da desse tre vart tekne, var det ikkje berre russarane som reiste interne spørsmål: Amerikanarane ville òg gjerne vita kven denne gode kjelda var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.