Spelelista
Dylan lit ikkje på publikum. Me lit ikkje på han. Difor vert kvart møte spanande.
Det er fotoforbod på konsertane til Bob Dylan, så vi har ikkje bilete frå konserten i Oslo Spektrum tysdag. Dette biletet er frå The Hop Festival i Paddock Wood i Kent i 2012.
Foto: Ki Price / Reuters / NTB scanpix
Den 76 år gamle Bob Dylan er ein harding. Det einaste som har knekt han, var dei lange turneane kring 1965 og 1980. Turnélivet tok nær livet av han, og enda i open fiendskap mellom publikum og ein artist rusa på droger eller religion. Kvar gong trekte han seg skadeskoten attende, og gav ikkje konsertar på fleire år.
Kvifor fiksar du ikkje turnélivet, vart det nok spurt. Men sidan sist på 1980-talet har han synt for seg sjølv og heile verda at han gjer det. I denne mannsalderen har han spelt om lag hundre konsertar kvart år, nær tre tusen i alt. Bassisten Tony Garnier har vore med på dei fleste av dei. Det har òg songar som «Highway 61 Revisited». Tysdag kom det særeigne sirkuset til Oslo Spektrum for ellevte gong.
STÅPLASSAR
Då eg høyrde han i Göteborg for tretti år sidan, sa han tre ord på to timar, tonlaust, som om nokon hadde bede han om det: «Hur mår ni?» Eg hugsar eg tykte det var tre ord for mykje. Det likna eit klovnete publikumsfrieri.
Men han har lært. Han lærte nok òg av dei to turneane som nær tok livet av han, den gongen han skjelte ut ein sal som skjelte på han. Somme utsegner frå scenen har forfølgt han som kapitelloverskrifter i rockehistoria. På dei to timane tysdag sa han ikkje eitt ord.
Like kompromisslaus var han i songvalet. Meir enn helvta av songane var frå dei siste fem åra, frå album mange i salen kjende dårleg. Av di Dylan var på jobb, synte han sjølvsagt fram dei nyaste produkta sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.