Teater
Spektakulær, men framandsleg legende
Framsyninga om Parsifal er visuelt slåande, men utydeleg i handling.
Framsyninga om Parsifal på Trøndelag Teater er spanande å sjå, men ikkje alltid lett å følgje med på.
Foto: Trøndelag Teater
Det er openbert tysk teater som er toneangjevande i nordeuropeisk scenekunst for tida. Impulsane frå Tyskland og gjesteinstruktørane derifrå har gjeve mange nye og overraskande skråblikk på teaterklassikarane her i Noreg òg.
Ei utfordring med dette er at ikkje alle klassikarar i den tyskspråklege verda har like klår klassikarstatus hjå oss.
Dreg ut i verda
Riddarlegenda om das Kind im Mann, unge Parsifal som dreg ut i verda utan kunnskap og røynsle, har nok hint til mange nordiske legender òg, både Peer Gynt og Oskeladden og Nils Holgersson. Men den konkrete forteljinga er ikkje utan vidare heimleg her på berget. Framsyninga Parsifal på Trøndelag Teater er spanande å sjå, men ikkje alltid lett å følgje med på.
Mennesket Parsifal har vakse opp utan å kjenne verdas farar og vondskap, godt hegna av ei mor som visste altfor mykje om krig, hat og elende. Når han slit seg laus og får ambisjonar, især om å få seg ein riddarplass ved det runde bordet, må han gå både i tunge motbakkar og over lik, og han når langt om lenge fram til ei endeleg erkjenning.
Naken uskuld
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.