Film

Spansk stjernespenning

Storregissøren Asghar Farhadi frå Iran tek oppskrifta si til Spania med ein sterk thriller.

Penélope Cruz og Javier Bardem har hovudrollene i dramaet.
Penélope Cruz og Javier Bardem har hovudrollene i dramaet.
Publisert

Ukjende hender klipper i avissaker om ei forsvunnen jente, før vi får sjå ei stor, fargerik opningsscene der Laura (Cruz), den vesle sonen og tenåringsdottera Irene kjem til den spanske heimbyen sin, der alle kjenner alle. Folk er glade. Ein busslast med gjestar skal i same bryllaup som Laura. Vinbonden Paco (Bardem) er ein barndomsven som alle veit har ei historie med Laura. Festen er storslagen, med mykje vin og livleg livemusikk. Idyllen må sprekke, og regn er sjeldan eit godt teikn.

Dei mistenkte

Skodespelartruppen er stjernespekka. Når ein regissør som har vunne to Oscar, kjem til landet og skal ha to spanske skodespelarar, fell valet sjølvsagt på Javier Bardem og Penélope Cruz. Skal ein ha ein mann frå Argentina, står alltid Ricardo Darín til teneste. Alle er gode. Spesielt Bardem briljerer blant fleire kjende fjes. Rollegalleriet er komplett for sin sjanger med ein perifer, pensjonert Poirot-figur.

Det er kvalitet i alle ledd. Men alle vet har fleire umiskjennelege trekk frå regissør Asghar Farhadi. Han veit å skape stor spenning av familiedrama. Som i About Elly utløyser ei forsvinning full panikk. Som i Fortiden stikk gamle forhold djupt. Regissørstemma er sterk, men filmen lenar seg mot tradisjonell sjangerfilm. Men alle vet er både kidnappingskrim og klassisk whodunnit. Vendingane florerer, men stramt manus gjev truverd og leverer lønn for dei som bit seg merke i detaljar. Mistankar haglar. Alle skuler på alle. Folk lit knapt på sine næraste. Gamalt nag og nye pengeproblem driv dramaet.

Spanskesjuka

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement