Søsken til tidig stridAbsurd, bekmørk humor frå Tyrkia er forfriskande.Komedie / DramaRegi: Tolga Karaçelik
Absurd, bekmørk humor frå Tyrkia er forfriskande.
Dei tre syskena har ikkje noko nært forhold.
Cemal (Tekin) er ein frustrert astronaut på bakken i Tyskland. Då faren ringer frå heimbygda i Tyrkia for første gong på tretti år, lyt han reise heim. Han plukkar opp syskena i Istanbul. Broren Kenan (Küçükçaglayan), lever av å leggje teite stemmer på kattevideoar. Syster Susan (Altug) dumpa nett mannen sin medan han masa ustanseleg om underleverandørar. Trioen legg ut på tur.
Raki og rock
Stemninga er roten. Dei tre har ikkje nett tette forhold. Alle er moderne, urbane tyrkarar med personlege problem. Dei kjeklar om musikkvala i bilen, men for filmen skaper slagarar av anatolisk rock kjekk stemning. Både Nazan Öncel, Grup Gündogarken og Baris Manco er verde å høyre meir på. Blanda med rause mengder raki skapar ingrediensar som eksplosive høner og imamar som slit med tvil, ei frisk blanding. Stundom tippar humoren over i det banale, men sjølv dryge element treffer stundom godt. Eg lo ein god del.
Ta sjansen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.