Musikk

Sorgmuntre brev

Leif Ove Andsnes sit ved flygelet i Den raude salen i Baroniet.
Publisert

Den fyrste av dei to Grieg i Hardanger-konsertane under årets kammermusikkfestival i Rosendal var av det intime slaget, i Den raude salen i Baroniet, eit rom innreidd på 1850-talet. Å høyra Grieg spelt på det velrestaurerte Pleyel-flygelet frå 1860, medan ein er omgjeven av I.C. Dahl- og Hans Gude-måleri inne og skimtar Rosendals-fjella gjennom vindaugo ute – dette framkallar det som måtte finnast av nasjonalromantikk i hugen til gjestene.

Det korte føremiddagsprogrammet baud på enkeltstykke av Grieg, alternert av Den Nationale Scene-skodespelar Ragnhild Gudbrandsens fine resitasjon av Nina og Edvard Griegs sorgmuntre brev. Leif Ove Andsnes’ lågmælt elegante tolking av «Andantino Serioso» med sitt slåtteaktige midtparti opna seansen. Ifylgje komponisten fekk han inspirasjon til klaverstykket då han høyrde hardingfelespel frå fjorden utanfor Lofthus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement